Archive for oktober, 2008

Stilleben frå Beijing

mandag, oktober 27th, 2008

Underleg samansetning av hovudskallar, plastblomar, appelsiner og epler i eit tempel i Beihai-parken.

Regnnatt

mandag, oktober 27th, 2008

Engelskmannen

fredag, oktober 24th, 2008

I dag kom eg til å tenke på: Kva gjer du på no, Frode?

Te, øl, fish&chips, fotball eller disikrering? Latinpugging?

Mister trommemaskin

fredag, oktober 24th, 2008

I går fekk Nikolai sitt elektriske trommesett i hus. I dag kom han 20 minutt for seint på jobb fordi han “skulle berre spele litt først”. Eg lurer på kor lang tid det går før våre usedvanleg tolmodige naboar begynner å klage. Hos Pål borti vegen høyrer vi rykter om at naboen dunkar i veggen i takt med trommene. Avansert klaging, med andre ord.

Ser litt ut som Hufsa

mandag, oktober 20th, 2008

… med veldig store hanskar.

Nokon pønskar på spik

mandag, oktober 20th, 2008

Blond innflyttingsfest hos Jathushiga

søndag, oktober 19th, 2008

Og her er hytta

søndag, oktober 19th, 2008

Laurdagsgraut i lånt hytte

lørdag, oktober 18th, 2008

Onkel Odd Magne skal selge oldemor og oldefar si gamle hytte i Bærumsmarka, så i dag tok familiane Grane og Imsgard turen opp i skogen på ei høgst utradisjonell visning, med grautlaging på primus og sukker i plastpose. Planen var å ete på verandaen, men då det begynte å regne, trakk vi innandørs med iskalde føtter og åt graut og eplekake med hue på hodet.

Tøys i ny tunika

lørdag, oktober 18th, 2008

Karoline er på besøk i den fine nye toppen som tante Ingvild har sydd. Tida er inne for å “tøyse i senga”, noko som betyr å hoppe opp og ned i senga med kopp og bolle.