Archive for november, 2008

Ingvill ein regnvåt kveld i Gamlebyen

søndag, november 30th, 2008

Pakke

søndag, november 30th, 2008

Her om dagen fekk eg pakke i posten frå Ole Sigurd. Han sendte meg High Fidelity av Nick Hornby som han lånte av meg på vidaregåande. Vedlagt låg eit brev som forklarte at han les til eksamen, og derfor har eit relativt høgt prokrastineringsnivå som har fått han til å gjere opp for gamle synder og uteståande lån. Eg synst prokrastineringa hans har nådd imponerande høgder. Men det er jo veldig kjekt å få pakke.

Mann/kvinne

søndag, november 30th, 2008

“Ka?”, sa Nikolai då eg kommenterte måten han skreller klementiner på.

“Eg har alltid skrelt klementinene på den måten. Gjer ikkje du det sånn?”

Fint!

søndag, november 23rd, 2008

Fin kamerabutikk med gamle kamera i Bergen. Lurer på korleis dette er å ta bilete med?

Fredag 1

søndag, november 23rd, 2008

Bra fredag, starta med bursdagsfest for amerikanske Travis på kjøkkenet til Tone-Magni, med heimelaga sjokoladekake. Her er Susanne fanga i ivrig samtale med Marilyn Monroe. Kvelden fortsatte med å sjå Sally Mann-dokumentar. For ei herlig dame Sally Mann er. Eg fekk veldig lyst til å bu på ranch i Virginia med masse hundar som spring rundt på jorda og gå og ta bilete i skogen. Det verka som eit bra liv.

Fredag 2

søndag, november 23rd, 2008

Etter Sally Mann. Susanne og Tone-Magni skal til Grønland, og eg skal til Bislet. Men på veg til t-bana, bestemmer Tone-Magni seg for å gå heim og legge seg. Her er ho fanga mellom ein gjesp og latter. Eg finn derimot ut at konserten til Nils på Bislet er i ferd med å avsluttast, og blir i staden med Erlend på sosiolog-fest.

Fredag 3

søndag, november 23rd, 2008

Etter å ha plukka opp Erlend, tatt ein tur innom sosiolog-fest på Sandaker, og så plukka opp Nikolai, gjekk turen til Myrens. Eg har aldri vore der før, men det verka som eit godt alternativ, sidan det er einaste plass på Torshov som ligg innanfor skjenkeringen. Der hadde det vore julebord for dei tilsette i Sagene bydel, og stemninga klokka ett låg ein stad mellom danskebåten og prostitusjon. Interessant.

Lørdag

torsdag, november 20th, 2008

Einar og hans flyvertkledde orkester heldt konsert på Mono. Så middag med heile flokken frå Vestfold. Mykje rigging for å få bordplass, og mykje okking og hovudbry frå nabobordet for å få delt opp rekninga i riktige stykker. Fin konsert, god mat, god stemning. God lørdag.

Julegate i regn

fredag, november 14th, 2008

I Bergen var julestjernene allereie oppe i gata der Kamilla har kontor. Litt trist med julestjerner i regn. Har framleis ikkje sett nokon julegater her i Oslo, men dei kjem vel opp temmeleg raskt. I dag kjøpte eg meg ei lita julestjerne med massevis av sølvglitter på, som eg skal henge på dei nakne greinene eg snart skal ut og røve frå ei passande busk i nabolaget. No som alle blomsterbutikkane har stengt og flytta frå Torshov, har ein ikkje anna val enn å gå ut med saks og finne eigna greiner på eiga hand.

Lureri på høgt plan

onsdag, november 12th, 2008

Ja, her kan du verkeleg gjere eit kupp!