Archive for desember, 2008
Idunn og Sigurd
søndag, desember 28th, 2008Medan vi ventar på ferja
søndag, desember 28th, 2008Færøy-romjul
søndag, desember 28th, 2008Formiddagstur
lørdag, desember 27th, 2008Orgelets siste reise
fredag, desember 26th, 2008Orgelet som har stått på gjestesoverommet, har no blitt så fullt av mått at det har blitt nødvendig å kaste det ut av huset på Færøy. Elles hadde truleg måtten begynt å ete opp veggane inne i trehuset.
Arild tente heilt på ideen om å sette fyr på orgelet 2.juledag: “Det passer bra med litt orgelbrenning på slik en kirkedag”, meinte han. Men orgelet endte ikkje i bålet, likevel. Etter å ha blitt køyrd bak på traktoren til bålplassen i sørgefart, medan Nikolai stod på og spelte “Det lyser i stille grender” og “A whiter shade of pale”, kom vi fram til at ein stille og sakte død i Sørebua kanskje er litt meir hyggeleg for det gamle orgelet.
Dermed bar det mot sjøen.
Orgelet er på plass i Sørebua. Nikolai spelar ein siste avskjedssang før døra blir lukka. “Vi vandrar saman”.
Vi får berre håpe at kulda og fukta ikkje raserar orgelet totalt fram til sommaren. Dersom det framleis er spelbart i juli, inviterer vi til orgelkonsert i Sørebua.
Aksel
fredag, desember 26th, 2008Julekveld på Færøy
fredag, desember 26th, 2008Besta
onsdag, desember 24th, 2008Hardbakketur
onsdag, desember 24th, 2008I dag stod vi opp i otta for å reise med Bjarnhild, Jørgen og Marta i Klamphoggaren til Hardbakke for å besøke besta, som tradisjon tru, i år som i fjor, har vore ute på tur og brekt hofta. Dermed er ho så heldig å få feire jul på sjukeheimen, noko ho veit å sette stor pris på. (“Her er så mykje positive folk”).
Li Dong, som er kinesisk lærar med opphald på colleget i Flekke, feirar jula saman med oss i huset på Færøy, og Arild meinte det kom til å vere ei stor oppleving for ho å bli med på Hardbakke-tur. På turen såg vi både kobbe og havørn, i tillegg til at bølgene på tilbaketuren førte til skikkeleg god gammaldags fasthalding i dørken og tilløp til forskrekka utrop. No har ho i det minste opplevd ein skikkeleg Klampen-tur.



































