Archive for januar, 2009
Mikado-meisteren
mandag, januar 26th, 2009Tone Magni har bursdag
søndag, januar 18th, 2009Innetid
søndag, januar 11th, 2009Til stor irritasjon
søndag, januar 11th, 2009Grunnen til at rockenbom.com har vore utilgjengeleg dei to siste dagane, er at ein fjott av ein kinesar har funne seg ein bakveg inn på serveren i Dallas, Texas, og lagt inn noko han trudde var eit virus i scriptet til både denne sida og ifoundasound-sida til Nikolai. Heldigvis kunne ikkje kinesaren skilte med nokon informatikkutdanning, og hadde derfor koda scriptet sitt feil, slik at det ikkje funka. No er webmaster Nikolai i ferd med å rydde opp i htlm-rotet, og rockenbom.com skal funke som før. Vonleg vert den aktuelle kinesaren snart immatrikulert ved eit informatikk-universitet, slik at han får betre ting å bruke tida si på.
Fleire nyttårsbilete
lørdag, januar 3rd, 2009Godt nyttår!
torsdag, januar 1st, 2009Nyttår II: 2008-quiz
torsdag, januar 1st, 2009Fest-meistrane Ingvill og Nils hadde laga hendingsquiz frå året som har gått, med ein overvekt spørsmål innan kultur og den fine sjangeren “frå Firda”. Idunn viste imponerande stor kunnskap innan sistnemnde sjanger, trass i at ho har tilbragt dei siste ni månadane i Bangladesh, og strengt tatt ikkje skulle vite kva tid vinnaren av “Kletten opp” brukte frå sentrum og opp til tv2-masta. Det er mogleg ho ikkje har vore i Bangladesh i det heile tatt, men derimot jobba ni månader som ekstrahjelp på Rangvallen.
I går kveld annonserte Ingvill høglytt at det var laget Michael Jackson som vann, men etter å ha sett litt betre etter i papira i dag, må vi her rette at ho ikkje hadde sett baksida på arket til Dagrun, Kamilla og Greg, og at førsteplassen dermed er delt mellom Michael Jackson og deira lag.















































