Archive for mars, 2009

Solgt!

mandag, mars 30th, 2009

Og DER var dei fire stolane solgt for 980 kr til ei tekstforfattardame frå Kampen som skulle ha stolane i reklamebyrået sitt. Sell out eller kred? Tja, i seg sjølv er jo å selge noko å vere sell out.

No satsar eg på at den svenske jenta som maila meg i dag har tenkt å kjøpe rørkrakken.

Jammen går det fort å selge ting på Finn. Eg får lyst til å selge alt eg har.

Eksotisk gryte hos Ida

søndag, mars 29th, 2009

Eg vil gjerne slå eit slag for fleire middagsselskap og kjøkkenfestar!

Mr Rickenbacker

søndag, mars 29th, 2009

Are skal bli far, og har derfor bestemt seg for å faktisk rydde opp i sin enorme leiligheit på Sagene. I den anledning har Nikolai køyrd diverse instrument ned på teateret (“Der står dei godt, ingen merkar at det kjem enda meir rot dit”). Og så har han henta Rickenbacker-bassen heim. Den er fin.

Til sals! Til sals!

lørdag, mars 28th, 2009

Etter at eg og Ingvill hadde ein svært effektiv dag på loppemarked og i brukthallen på Sinsen i dag, har eg kjøpt meg ikkje mindre enn tre kvite tre-stolar. Derfor kvittar eg meg no med farmors gamle spisestuestolar som vi har hatt rundt bordet i stua på Torshov.

Førstemann til mølla får kjøpt stolane HER

Og medan eg først var i gang, slengte eg også ut ein rørkrakk til sals. Den finst HER

Eg er litt usikker på prisen, men fann ut at eg fekk slå litt på stortromma, og heller skru ned prisen dersom ingen ringer.

Her er forøvrig dei nye stolane:

Vår. Iallefall inne.

torsdag, mars 26th, 2009

Ein liten gutt

mandag, mars 23rd, 2009

Forrige veke fekk Ingunn og Christian endeleg ein liten baby. Gutten har enda ikkje fått namn, men eg strikkar babysokkar for harde livet og gler meg til å reise på besøk.

Dessutan skal den vesle gutten få ei trøye som eg har sydd.

Og når eg først var på Zara dagen etter at babyen blei født, klarte eg heller ikkje å gå forbi desse fine skoa:

No blir det gåveras på Lambertseter.

Lørdagsfest

mandag, mars 23rd, 2009

Kjekt!

På utkikk etter ny stad å bu?

mandag, mars 16th, 2009

Gitarkameraten skal flytte ut av naboleiligheita, så viss nokon treng ein sentral tre-roms hjørneleiligheit med full kontroll over Vogtsgate, kan de bli våre kjekke nye naboar. Håpar berre ikkje det flyttar inn techno-folk. Det er så lytt imellom oss at vi kan høyre ei flue nyse på den andre sida av veggen.

Bilete finst her

Ut av Oslo

torsdag, mars 12th, 2009

Knipsa frå toget tidleg i februar, på veg ut av byen på journalistoppdrag. Fin vinter. Men no synst eg jammen det kan bli vår.

Askvoll-helg

søndag, mars 8th, 2009

Full vår med snøklokker i hagen. Høyrer frå Nikolai at det har snødd i Oslo igjen i helga. Hovudstaden hadde vore litt meir innbydande viss snøen kunne halde seg utanfor markagrensa, og ikkje legge seg i haugar på fortaua.