Archive for april, 2009

Søndagsposering

søndag, april 26th, 2009

Søndagsfavorittar

søndag, april 26th, 2009

Raud neglelakk. Alltid ein favoritt.

Vatn og godt brød. Også alltid ein favoritt.

Snart visne tulipanar.

Fersk bladpersille frå Sultan. Skal snart bli ein del av supergod kyllingsalat.

I helga har eg malt stolane eg har kjøpt på loppemarked i det siste. I samme slengen fekk den gamle, turkise krakken nokre malingstrøk. Lørdag satt eg på kjøkkenet og malte heile dagen, med sola inn det opne vindauget og BBC worldservice på radio. Og så var det drinkar på Aku Aku og super Raphael Saadiq-konsert i Fabrikkhallen. Superlørdag.

Ingeborg og Svein Olav

søndag, april 26th, 2009

Magnoliablomstring i Botanisk hage

søndag, april 26th, 2009

Fredagsfri i Botanisk hage er den beste idéen på lenge. Magnoliatrea står i full blomst, og alle i Oslo må ta turen. Eg vil gjerne ha mitt eige magnoliatre, og lobbar for at vi skal plante eitt i Askvoll eller på Færøy.

I designfella

torsdag, april 23rd, 2009

Eg likar designet på denne blåbæryoughurtmelka frå Q-melk. Eg må innrømme at eg er ei såpass enkel sjel at eg kjøpte den berre på grunn av utsjånaden. Det må innrømmast at tilsvarande melk frå Tine er betre på smak.

Sykkelen er ute – no er det vår

mandag, april 20th, 2009

Årets sykkeloppdatering på kjøkkenet før årets første sykkeltur. Fine syklar.

Bygdøysøndag

mandag, april 20th, 2009

Kvitveis

mandag, april 20th, 2009

Anton Ruud and the Wrong Way Home plateslepp

søndag, april 19th, 2009

Med eit veldig entusiastisk publikum.

Korps + Giske

søndag, april 19th, 2009

Øl på Justisen etter konserten. Pål er oppgitt fordi heile hans skulekorps-karriere bestod av å spele på brød i 15 minutt. Ingeborg og Sondre kan derimot skryte av langt lengre erfaring.

Men har Svein Olav spelt i korps? Det seier soga ingenting om. Derimot er han i full gang med å finne stadig nye krater på månen. Eg håpar han kallar dei opp etter vener og kjente.

Og har Trond Giske spelt i korps? Han var iallefall ein svært omsverma mann på Justisen natt til søndag. Viss eg var minister, trur eg aldri eg hadde turt å gå ut på byen.