Archive for mai, 2009
Kven treng veranda når sola står inn på kjøkkenet?
søndag, mai 24th, 2009Balestrand – nokon?
mandag, mai 18th, 2009Eg har ingen umiddelbare planar om å flytte til Balestrand. Men eg må innrømme at eg begynte å tenke hardt på kva ein kan finne på der av inntektsbringande arbeid når eg fann DETTE fantastiske huset til sals.
Stor plass, frukthage, naust og brygge. Til den nette sum av 1.7 mill. Det er det samme som vi måtte betalt for ein standard toroms på Torshov for tida. Utan utsikt til anna enn naboens klesvask. Eg kunne godt tenkt meg eit glass kvitvin med denne utsikta:
Så dersom nokon har tips om kva ein kan finne på i Balestrand, bortsett frå å vere journalist i Balestrand bygdeblad eller å skru lyd på 17.mai-talen på skulen, tek vi mot innspel med takk. Eventuelt kan andre kjøpe huset, og invitere oss på besøk.












































