Spørsmål i varmen
tirsdag, juni 30th, 2009
Kvifor er det enklare å ta fine konferansebilete før konferansen har starta?
Og forferdeleg vanskeleg å ta noko fint når panelfolka er på plass?
Kvifor er det enklare å ta fine konferansebilete før konferansen har starta?
Og forferdeleg vanskeleg å ta noko fint når panelfolka er på plass?
Ein ganske fin og ganske dekkande kommentar om Michael Jackson her

Det høyrast litt ut som ein sit i fengsel når ein har bursdagsfest i fengselsparken. Viss mannen ikkje snart tek skjegget, begynner han å sjå ut som ein fengselsrømling. Evt som Bjørn Eidsvåg.

Sara poserar. Nikolai har slokna i graset.

Ingvill poserar. Nils grimaserar. Eventuelt prøver han seg på ein seriøs look.

I lørdagsvarmen rømte vi byen og søkte tilflukt i seglbåten til Ida på Hovedøya.
I staden for å bade i kø blant tissande småbarn og hylande fjortisar i sandgrumsa badevatn: reint vatn, rett ut frå båtdekket.
Og etterpå: Båtfolkets heilt eigen servering av blåskjell med utsikt til Vippetangen.
Vi har seriøst begynt å leite etter sjarmerande seglbåtar på Finn.

Hurra!



Etter å ha trekt om stolen, var vi så lei av prosjektet at dei siste bånda til å skjule stiftane ikkje har blitt montert. I kveld, med 30 grader inne i leiligheita og alle vindu opne mot gata, bestemte eg imidlertid at ting skulle gjerast ferdig. No. Det endte med at Nikolai stressa med limpistolen – som blei for varm – og ingenting funka heilt slik det skulle. Men no har stolen fått band, stiftane er skjult, og stol nr to er godt gøymd under det meksikanske sengeteppet, slik at vi slepp å trekke om den også.

Visne peonar ser nesten ut som silke.

Brodert pute som eg har putta i bagasjen frå Askvoll.

Det har vore lite blogging, men mykje bading i det siste. Og jobbing. Og bading. Og jobbing.
Dessutan har Nikolai reist på segltur med kameraet, så det har ikkje blitt så mykje fotografering, heller. Men no skal det bli andre bollar.
Kanskje.

Kven veit – kanskje dei er Mette Marit sine?



Eg synst det er på tide å forlate bunadsfotograferinga i Førde, og heller finne seg fotooppdrag i Oslo. (Det veit jo Stine og Thomas at er veldig enkelt…) Det er iallefall veldig kjekt å ha deg i byen!