Blomster er mest til for plukkast
fredag, juli 31st, 2009









På veg heim frå Gålå køyrde eg forbi skiltet til Harastølen i Lustrafjorden. Kvar gong eg passerar det, hugsar eg på tv-bileta av asylsøkarar tidleg på nittitalet, som gjorde opprør mot leiinga på asylmottaket og kasta middagen sin ut av vindauga. Eg hugsar at det skapte allmenn avsky blant nordmenn i fjordfylket. No hadde eg god tid, og sidan eg likevel var ute på avstikkartur, tok eg av ved skiltet og køyrde oppover fjellsida. Det viste seg å vere langt. 20 minutt seinare, på smal og øydelagt asfalt gjennom tettgrodd granskog bratt oppover, opna landskapet seg mot ei fjellhylle. Og der låg det: Harastølen – bygd som tuberkulosesjukehus, derettter brukt som mentalinstitusjon og til slutt som asylmottak. Gigantisk og tilsynelatande totalt malplassert. Og enormt skremmande.

I 1902 trudde ein framleis at frisk luft frå furuskog og solskinn kunne kurere tuberkulose. Derfor bygde ein eit sanatorium her oppe, og sendte pasientar hit frå heile vestlandet. Mi oldemor var ein av dei. Men då dei fann ein faktisk kur mot tuberkulose på 50-talet, vart Harastølen istaden brukt som mentalinstitusjon. Det framstår som meir uforståeleg: Sjølv om ein på den tida sendte pasientar vekk frå nærmiljøa sine på institusjonar lenger unna – kvifor sendte ein dei opp i den mørke skogen, opp i fjellet, til ein institusjon der det er plass til hundrevis av pasientar? Syntes dei verkeleg det var ei god løysing på den tida, å sende vekk folk med mentale problem til ein stad som er så avsidesliggande at ein knapt finn den viss ein veit om den?

Men det mest uforståande er at Harastølen blei brukt som asylmottak, trass i advarslar om at staden var langt frå ideell. Det var 1992, det var krig på Balkan, og asylmottakselskapet Hero bestemte seg for å trasse gode råd og etablere seg her i skogen i Luster. Heile 323 flyktningar kom hit i første omgang, direkte frå krigen i Bosnia til Harastølen i Luster. Jo fleire, jo betre, tenkte tydelegvis Hero, som ifølge Marit Eikemo si bok “Samtidsruninar” hadde ein omsetning på 40 millionar kroner i 1993. 90 prosent av pengane kom frå mottaksdrift. Å drive asylmottak var big bissniss i 1993.

Harastølen er bygd som eit gigantisk sjukehus for folk som har fått ein dødsdom. Små endringar har vore gjort i bygningsmassen sidan. Kapellet ligg her framleis, med likrom i kjellaren. Taubana som blei brukt til å frakte pasientar opp frå bygda heng der framleis i ledningen sin 500 meter over Sognefjorden. Gjennom vindauga kan ein sjå at trapperommet er bygd inn med gitter, slik at ingen kan kaste seg utfor. Hit sendte ein folk som var på flukt frå krigshandlingar. Fleire av dei som kom hit var ungdommar under 18 år, som kom utan familien sin. Ifølge Eikemo var nokre av dei allereie krigsveteranar. Dessutan kom dei fleste flyktingane frå byar. Det Norge hadde å tilby var ein stad som var så isolert av den var rekna som eit eige samfunn fram til 1950.

Medan eg gjekk rundt på Harastølen, slo det meg at å sendast til denne staden må ha føltes som å bli sett i fengsel. Det er ikkje vanskeleg å forstå at flyktningane gjorde opprør. Dei klaga først over staden, maten og temperaturen inne i den gamle institusjonen. Nokre av dei sendte brev til Kongen for å be om hjelp. Han svarte aldri. Bosniarane var ikkje pasientar. Dei ville lage sin eigen mat, dei ville bu ein stad der det var andre folk. Dei ville ha eit aktivitetstilbod. Dei ville ha tilgang til psykolog. Men månadane gjekk. Ein rapport om mottaket konkluderte med at viss bosniarane måtte bu der ein vinter til, kom det til å produsere pasientar.

I 1994 sette 45 flyktningar seg på bussen til Oslo. Dei krevde at dei skulle få ein ny plass å bu, at dei aldri ville tilbake til Harastølen. Dei sa dei heller ville tilbake til krigen i Bosnia enn å bli sendt tilbake til Sogn. Norsk media var i sjokk. Kritiske røyster sa at flyktningane oppførte seg som om dei var turistar. Men sidan det var OL-år, og Norge gjerne ville ha smilande fjes i internasjonale media, og truleg var lite lystne på internasjonale journalistar som tok turen til Harastølen, fekk flyktningane innvilga kravet sitt.

Eikemo skriv at då Carl I. Hagen fekk høyre om avgjerda, sendte han ut ei pressemelding der han skreiv:
“Det er rystende at UDI gir etter. Konsekvensen av at bosnierne nå får et tilbud, er at myndighetene signaliserer at de er lydhøre for press.”

Men bør ikkje myndigheitene vere løydhøyre for press når dei har gjort avgjerder som så openbart er ukloke og skadelege?

Det tok ikkje så lang tid før drifta på Harastølen vart avvikla. Sidan har huset vore tomt. Nye eigarar har kjøpt staden, laga eit eigedomsselskap ut av det og oppretta nokre veldig amatørmessige heimesider der dei prøver å gøyme vekk historia. Dei vil no skape Harastølen om til ein turistplass, og vil lokke med spa og hotelltilbod i frisk luft. Som Ingvill kommenterte: Håpar dei er smarte nok til å ikkje kalle det “Harastølen Spa”. Nokre namn er meir belasta enn andre.

Men det ser ikkje ut til at verken dei nye eller dei gamle eigarane var så opptekne av å rydde opp etter seg. Det gamle sjukehuset står ope for einkvar som vil inn. Eg var ikkje så frista: Sjølv om eg vanlegvis ikkje finst overtruisk, føltes det veldig klamt og ekkelt å stå og kikke inn i den mørke fasaden. Å gå inn gjennom knuste vindu og følge ruta gjennom romma slik mange andre har gjort, var ikkje eit alternativ. Berre gjennom å kikke inn vindauga får ein likevel eit godt inntrykk av huset. Og ved å sjå på bakken utanfor. Her ligg personlege eigendelar, møblar og medisinsk utstyr om kvarandre. På loftet ligg det visstnok bandasjar og operasjonsutstyr frå sanatorie-tida. Og pasientarkivet frå mentalinstitusjonen, fylt med journalar med fulle namn og fullstendige sjukehistorier, låg fritt tilgjengeleg i kjellaren fram til i fjor. Då fann nokre nysgjerrige arkivet og meldte fra om at nokon kanskje burde fjerne dei sensitive opplysningane snart. Ein får håpe og tru at det er gjort. Men kjøkkenhandklea heng framleis på knaggane på kjøkkenet. Og store korger med skitne institusjonshandkle står i det som ser ut som eit vaskerom. Dersom dei nye eigarane vaskar dei, kan dei kanskje bruke dei i sitt planlagte spa – som eit klenodium frå fortida dei prøver å skjule.

Dei to siste dagane har eg brukt på å køyre Nikolai til Gålå og Peer Gynt-land, før eg har bila meg sjølv tilbake til Vestlandet igjen. Sognefjellet er fint. Det ser ut som nokon har brukt curves-funksjonen i Photoshop på landskapet. Knallgrønt, blendande kvitt og svart som natta. Og grisekaldt.


Nokon var ikkje kledd for fjelltur.





Tøff hund er los/gallionsfigur foran på båten:

Litt redd hund hyler:

Redd hund må få trøst:


Geita fyr ligg aleine på ei øy i havet nord for Færøy. Eg har aldri vore i land der før, så eg og Nikolai og Balder drog ut på tur med liten båt for erobre nytt land.

Dei godt og vel hundre åra fyret var i bruk og manuelt styrt, budde det faktisk barnefamiliar her ute på øya som er så glattskurt at ikkje eingong dei hardføre grantrea klarar å klamre seg fast. Kaia er minst fem meter høg, og fyrvoktarane heiste båtane i land med kran, slik at dei ikkje skulle bli knust mot brygga.

Dei ordna seg til og med eit slags skinnesystem for å få båtane trygt i hus.

Nedi bergsprekkane har nokon, truleg kona i fyrvoktaren i rein desperasjon over å berre ete torsk og sei kvar dag, planta ripsbusker og frukttre i le for vinden.

Endeleg oppe på fyret viser det seg at vi ikkje er aleine. Ein gjeng med austlendingar, av alle ting, har slått seg ned på øya for å ete lunsj. Som vestlending føler eg meg litt snytt: første gang eg går i land har austlendingane komt meg i forkjøpet.

Viss ein har lyst, kan ein til og med overnatte på fyret. Info finn ein her. Vi kikka litt inn vindauga, og standarden ser ut til å vere enkel. Men for slike som Sivert, som drøymer om ein aude stad i storm på jord, må vel dette vere plassen. Kanskje kan ein til og med prute litt på prisen utanfor sesong.

Utsikta er det i alle fall ingenting å utsette på.

Men eg trur vi skal vere glade for at solcelleteknologien har kome så langt at folk slepp å bu slike stader lenger. Eg trur det er temmeleg einsamt her om vinteren.

Tilbake på fastlandet etter å ha vore vatnlause i godt og vel ei veke. Nikolai vatnar hagen i Askvoll. Det ligg i korta: nokon kjem til å bli våte.







Farmors gamle roser. Fine.


