Skal det vere noko fargerikt?
søndag, august 30th, 2009

Vi prøver ut det lokale nattelivet. Det viser seg å vere langt å foretrekke framfor Playa del Ingles. Men drinkane er sjølvsagt fargerike og med fyrverkeri, slik seg hør og bør i Syden.


Vi prøver ut det lokale nattelivet. Det viser seg å vere langt å foretrekke framfor Playa del Ingles. Men drinkane er sjølvsagt fargerike og med fyrverkeri, slik seg hør og bør i Syden.




Eit lite avbrekk i Syden-soga for å skryte litt av meg sjølv, men også litt av Maria. Eg har sydd ein fin og funky babykjole, og Maria har født ein fin, og tida vil vise – kanskje også funky, baby. Gåve skal straks sendast frå postkontoret. Det er berre å få ungar: Det er så kjekt å sy babykle, så pakkane kjem til å hagle.





Som så mange paddehattar: Irske pøbbar finst det overalt. I Maspalomas med ein særdeles lesbisk kelner som sjølvsagt var særdeles irsk, men også særdeles hyggeleg. Eg tok med den vesle, skjønne tonic-flaska heim – den fungerar no som vase på kjøkkenet. Forøvrig må eg seie at Maspalomas-stranda var meir sjarmerande om natta når alle var gått heim, enn den var om dagen. Ingen fargerike speedoar.

Soga om badeballen, Ken, Playa del Ingles og Chorizopølsene vil følgje utover veka.
Eg må seie at eg tenkte badeballar var det siste vi trengte i Syden. Men etter at dama på Faroen, vårt lokale kjøpesenter og nærmaste venn i nøden, proppa posane våre fulle av gratis Sunny Delight-ballar, må eg seie at eg endra meining. Sjeldan har eg hatt så mykje moro med fire badeballar.




Dagen har vore brukt på togreise tur/retur Rakkestad, intervjuverksemd og iherdig skriving for å bli ferdig til å reise til Spaniasola. Eg ser fram til dagens vaffel og sykkeltur med hatt.

Etter iherdig masing frå Nikolai, reiste vi i dag på Teknisk museum. Vi og alle barna. Klima X-utstillinga deira var sikkert god, men litt veggavisprega for vår del. Det kjekkaste var at heile museumsrommet var fylt med vatn, slik at ein måtte låne gummistøvlar og vasse rundt i utstillinga. Litt klima-apokalyptisk.

Dessutan fann vi ei datamaskin der vi kunne sende gratis sms-varslingar til vener og kjente med klimainnhald. Vi sendte likegodt to meldingar til Ingeborg kor vi ba ho om å fly mindre og å køyre mindre bil. Ironisk nok skulle ho ut og fly til Narvik i dag. Som bot på såret sendte ho ein mms med bilde av seg sjølv som er ute og pantar flasker, som eit lite plaster på såret.
Musikkmaskin-utstillinga var derimot noko kjekkare. Lydrommet har sponsa den, og som seg hør og bør tok sponsorane turen for å sjå på kva dei har betalt for. Eg kan ikkje seie at eg tar Are heilt seriøst på bileta dei har lagt ut på Lydrommet-sidene. Og sjølvsagt måtte mannen gå i butikken og kjøpe husafyll.
Hovedgrunnen til at vi tok turen til Teknisk museum, var at dei hadde ein lyd/musikk-utstilling der. Mange veldig fine og veldig underlige musikkavspelingsinstrument, deriblant ein heil del ting ein brukte til å erstatte orkesteret for å få lyd til stumfilm.


Og nokre norskproduserte orgel. Det over kjem frå Haugesund. Slike lager ein ikkje lenger. Det er i grunn synd.



Men det var først då vi kom til den oljesponsa delen av museet at Nikolai verkeleg kom i sitt ess. Her sit han og kosar seg i eit slags kontrollrom.