Archive for september, 2009

Å bli gammal

onsdag, september 30th, 2009

damePå kaféen til Akademibokhandeln i Göteborg låg det ei bok der folk kunne skrive inn kva dei tenker på. Eg synst denne gamle dama seier det fint: “När man blir gammal är man fullständigt osynlig trots nya skor el. frisyr”.

Morgon i Göteborg

onsdag, september 30th, 2009

gateborg2

gateborg4

gateborg1

gateborg3

Vakna tidleg på jobb i Göteborg, og gjekk ein tur i stille by før hotellfrukosten. Mange fine, gamle syklar.

Frynsegode

mandag, september 28th, 2009

frynsegode21Visse fordelar har ein når ein jobbar i bokbransjen. Feks gratis bøker. Feks Kjell Askildsens samla utgåver. Eigentleg skulle eg gjere eit intervju med Askildsen mot å få bøkene, men då intervjuplanane gjekk i fisk, fekk eg sjarmert meg til å ta med meg bøkene heim likevel. No skal eg derimot gjere eit intervju med Herbjørg Wassmo, og må truleg bruke det meste av ledig kveldstid fram til mandag på å lese hennar murstein av ei slektskrønike.

Louie Louie

torsdag, september 24th, 2009

louie4

Lorena og Magne har blitt foreldre til vesle Louie. Han blir garantert ein kul baby. Ein kul baby må ha ein kul buksedress. Eg har tatt fram symaskina igjen. Pakke på vei til Bergen.

louie3

louie1

louie2

Tidleg høst i botanisk hage

torsdag, september 24th, 2009

botanisk

På kafé med Ingunn og Sondre

søndag, september 20th, 2009

ingunn-sondre4

ingunn-sondre2

ingunn-sondre3

ingunn-sondre1

Sondre har blitt stor, og vil gjerne suge seg fast i brusflasker på kafé. Og hyle litt når mamma går på do, og han er overlatt på fanget til ei framand dame. Men fin, sjølv om han blir veldig alvorlig når kameraet blir tatt fram.

Lørdag på Ekeberg

søndag, september 20th, 2009

ekeberg2

ekeberg4

ekeberg3

ekeberg1

Sjølv om vi klarte å stå opp tidlig på lørdag og ta bussen til Ekeberg, trass hostenatt og fredagsfest på KhiO, og sjølv om vi brukte fleire timar på å traske rundt på den enorme marknaden, endte det med å kjøpe ingenting. Mest fordi eg var heilt overvelda. Marknaden anbefalast. Spesielt om ein har ein gammal bil som treng overhaling. Aldri har eg sett så mange bobledører til sals på ein og same plass.

Fløytefjes

torsdag, september 17th, 2009

flaytefjes

Molo

onsdag, september 16th, 2009

faray1Nikolai, Bjarnhild og Molo ombord i Klampen på veg frå Færøy tilbake til Hersvika og biltur innover i fjordane. Molo, den nye hunden til Bjarnhild og Asmund, har blitt ein skikkelig hund sidan sommaren. Då kom han som omplasseringshund til Færøy, var kjempetynn, blei sliten av turar i marka, var redd for å vere aleine og lagde knapt ein lyd, men ville gjerne sitte på fanget, sjølv om han er stor som ein liten kalv. Sidan den gong har han blitt trygg, fin, glad og veldig kjælen.

faray2

Eg hadde litt lyst til å ta han med meg tilbake til Oslo, men han hadde tatt opp det meste av plassen i leiligheita, så det er kanskje like greit at han kan boltre seg på Færøy i staden.

Framleis sommar / kolonihagedraum

onsdag, september 16th, 2009

rodelakka3

rodelakka1

rodelakka2

Sommaren er ikkje over i kolonihagen på Rodeløkka. Vi tusla igjennom den i forrige veke og fekk gratis plommer. Det tilsvarar 1000 pensjonistpoeng, men eg har lyst på kolonihagehus.