Archive for oktober, 2009

Musikkmiddag

lørdag, oktober 31st, 2009

musikk2

musikk1-1

musikk3

Middag hos Kari Marte endte opp med musikk i stova. For ein kvalmande musikalsk gjeng.

Lørdag

lørdag, oktober 24th, 2009

lardag4

lardag3

lardag6

lardag2

lardag5

Long time, no blog

onsdag, oktober 21st, 2009

mono

Mykje jobbing og lite blogging i det siste. Men her er bilete frå Mono-moro då Einar og akademiet hans spelte konsert i forrige veke. Lytteprøver på Nrk Urørt: The Einar Flaa Academy.

mono2

Solvor overlevde jammen fleire veker i villmarka som ein del av filmcrewet til Lars Monsen sitt nye program. Eg er veldig imponert. Nrk-bloggen: her

Fotofornøgd

onsdag, oktober 21st, 2009

endre-lund-eriksen

Å ta forfatterfoto er ikkje alltid like enkelt. Best å ha med fotograf. Men rimeleg fornøgd med resultata av fotoforsøka med Endre Lund Eriksen (over) og danske Lars Husum (under) som eg intervjua for ei stund sidan. Litt sjølvskryt, rett og slett.

lars-husum

Hei Rhodes

søndag, oktober 11th, 2009

rhodes7

rhodes3

rhodes6

rhodes4

rhodes1

rhodes2

Vi har blitt fosterheim for teateret sitt Fender Rhodes-piano frå 1974, som lenge har stått og støva ned i teaterkjellaren. Etter iherdige forsøk på å skrape av gamle klistremerke med plasterfjernar og etter at Nikolai har brukt dagen å å stemme det, lyder det fantastisk fint. Sidan pianoet opprinneleg blei laga for at det skulle vere lett å frakte med seg på turné, framstår det som noko av eit mysterium at det er bygd i massivt kryssfiner, og at det dermed er temmeleg tungt. Men fint. Eg gler meg til jul og julesangar med 70-tallsklang.

Hobbysøndag

søndag, oktober 11th, 2009

aredobb3

aredobb2

Nokre dagar kjem regnet akkruat som bestilt. Ein fin søndag for fyr i peisen og hobbyprosjekt, slikt som å lage sine eigne øyredobbar av gamle knappar. Eller eventuelt for å rydde i boden og å stemme Rhodes’en, som er det Nikolai gjer på.

Onsdagsfavorittar

onsdag, oktober 7th, 2009

onsdagsfav3

Kjedet med grønne steinperler Nikolai kjøpte til meg frå filminnspeling i Uganda. Litt tungt å ha på, men det blir varma opp av huda, og er varmt når ein tar det av.

onsdagsfav2

Notatbok frå Göteborg, allereie godt brukt. Eg er avhengig av notatbøker, og er ein sucker for fine utgåver.

onsdagsfav1

Etter å ha vore innom vår faste ved-leverandør borti gata, har vi i dag fyrt opp i kaminen for første gong i haust. Jammen blei det varmt.