Archive for november, 2009
Hei Pavel
tirsdag, november 24th, 2009
Søndagstorsk på Alexander Kiellands plass. Olve viser stolt fram husets nye mann: undulaten Pavel, som blei skuffande sjenert av å ha besøk, men som var overraskande lite skvetten. Ti sjarmpoeng til undulatstanden.
Inga blir ein fluesopp
tirsdag, november 24th, 2009
Snart må det bli noko av det lenge planlagte babybesøket hos Marianne for å beundre vesle Inga. Eg har nemleg sydd kjole og hue (eller “hjelm” som syboka til mamma frå 70-tallet kaller det. eg trudde hjelm var noko hardt, i det minste av rosa isopor som sykkelhjelmane på 80-tallet, som beskytta ein mot knall og fall) som den vesle skal få, og som Nikolai så fint sa då eg viste det fram: “Ja, ho kjem jo til å sjå ut som ein fluesopp.”


Han har jo forsåvidt rett i det.
Utsikt!
onsdag, november 18th, 2009
Dette var utsikta mi frå hotellrommet i 10.etasje på Hotell Seilet i Molde. Då eg trakk nøkkelkortet og kom inn på rommet idet sola gjekk ned i går ettermiddag, var det så fint at eg lo høgt for meg sjølv. Ikkje veit eg kvifor eg fekk tildelt eit av hotella sine beste rom, men det førte i vertfall til at eg blei inne i heile går kveld og satt i vinduet og drakk vin og kikka på ferjene og hurtigruta som gjekk forbi på fjorden under meg.

Brukte tilsvarande tid på frukost med utsikt i dag tidleg. Vanskeleg å komme seg i arbeid når ein føler ein er på ferie.
Utstillingsfesten til Olve
søndag, november 15th, 2009





Ganske glad for at det var ingen som tok meg veldig seriøst då eg klokka halv to natt til fredag ropte at eg ville på karaoke. Ganske glad for at eg tok taxi heim i staden.
Mørketid i Tromsø
onsdag, november 11th, 2009





Tromsø anbefalast. Fantastisk fin liten by som eg dei to siste dagane har sklidd rundt i, både til fots, i taxi og i buss. I motsetnad til Oslo finst det fersk fisk å få kjøpt på nesten kvart eit gatehjørne. Til og med den bittelille Spar-butikken ved sidan av hotellet, som knapt nok hadde to ulike typar shampo i hylla, hadde ferskvaredisk med fisk. Litt vanskeleg å kjøpe med seg fisk og oppbevare på hotellet, men eg fekk i hvertfall ete torsk. Godt. Vil gjerne tilbake til Nord-Norge i mørketida. Skal vi ta oss ein ny tur til Kiruna snart, Ingeborg?
8 timar i Bodø
onsdag, november 11th, 2009



Og ein time eller to til sightseeing. Ingen veldig imponerande by, Bodø, men fine fontar på firmaskilta sine har dei.
Søndag søndag
søndag, november 8th, 2009



Innesøndagskveld med Eggum på Spotify og regn ute. I morra tidlig reiser eg til Bodø og Tromsø, og blir til onsdag kveld. Farvel Torshov, hallo Nord-Norge.



