Archive for januar, 2010

Velkommen til verda, vesle Elisabeth!

lørdag, januar 30th, 2010

elisabeth1

Tirsdag blei eg tante til jente nummer to.

Karoline 3 år

lørdag, januar 30th, 2010

bursdag6

bursdag5

bursdag4

bursdag3

bursdag2

bursdag1

Karoline fyller 3 år, og er ikkje heilt nøgd med at nyfødd søster får så mykje merksemd.

Bruktfunn

lørdag, januar 30th, 2010

brukt3

brukt1

brukt2

Fredag køyrde eg forbi ein bruktbutikk på Eidsvoll når eg var ute på jobb, og var veldig nøgd med at eg bestemte meg for å stoppe som snarast og gå innom. Julekuler, litt utanom sesong, snapsglass og invitasjonar var fangsten.

Tone Magni har bursdag!

mandag, januar 25th, 2010

tone-m-bursdag6

Ifølge lysa på kaka blir ho 7 år. Gratulere!

tone-m-bursdag5

tone-m-bursdag3

tone-m-bursdag4

tone-m-bursdag2

tone-m-bursdag1

Hedda er som vanleg ulasteleg antrukke. Ho kan gjere skam på dei fleste russarinner ho skulle møte på sin veg.

Sydag / Appelsinjuicedag

lørdag, januar 9th, 2010

sy1

sy4

sy3

sy5

sy2

Lørdag har vore kombinert sydag og dag for å prøve å knekke ein gryande forkjølelse med c-vitaminsjokk gjennom heimelaga appelsinjuice og store mengder kiwi. Det har funka før, så eg håpar det slår til no også. Dessutan har eg tatt eit gammalt tips frå Ida om kvar ein finn billig ullundertøy ala Sparkjøp i Oslo, og hatt min første tur på Bogerud. Minus: dei fleste tinga dei hadde inne var i størrelse 48 og oppover (!). Pluss: billig og stort utvalg ullundertøy. Eg fann til slutt nokre kvite og svarte  ulltoppar og ullsingletar, så no skal det bli varmt i heimen. Det blir det også av veden som vi til slutt fekk tak i hos vår lokale ved-mann på Torshov, etter å ha blitt kjørt rundt til Plantasjen og Maxbo av Endre i dag tidleg. Medan kjedebutikkane ikkje hadde ein einaste vedsekk igjen i sentrumsnære Oslo, viste det seg at vår faste vedleverandør driv ein liten hemmeleg handel til trufaste kundar. På døra står eit skilt med “Tomt for ved”, men inne i skuret sitt har han framleis nokre sekkar som han distribuerer langsomt ut. Vi prøvde å få kjøpt så mange som mogleg, men blei stoppa ved den tredje sekken. Ein sympatisk mann: I staden for å selge ut rubbel og bit til første storhamstrande, bilkøyrande mann som kjem forbi, set han eigentleg eit tak ved to sekkar på kvar, slik at dei gamle damene også skal få med seg sin sekk heim frå han. Utypisk kjøpmann.

Ei jul forbi

lørdag, januar 9th, 2010

jul-forbiEg veit ikkje om Ingvill har rydda vekk dei heilage tre kongar enda, men min julepynt ligg glitrande i skoøskjer i boden. Eg gler meg til neste jul allereie. Men først gler eg meg til påske. Kanskje blir det St. Petersburg?

Nyttår!

søndag, januar 3rd, 2010

nyttayr4

nyttayr7

nyttayr3

nyttayr2

nyttayr1

nyttayr6

nyttayr5

Iskaldt nyttårsfyrverkeri med knall utsikt frå Kampen. Hurra for 2010!

Florø i soloppgang

søndag, januar 3rd, 2010

floro-by-morning

Etter å ha køyrd Nikolai til flyet i Florø, tok eg ein tur ned på kaia og såg på at det blå blei til dag.