Archive for februar, 2010

Søndag

søndag, februar 28th, 2010

Aktiv kultursøndag med både Bjarne Melgaard-utstilling og ein tur innom Samtidskunstmuseet. Etterpå dagen-derpå-lunsj på Skansen, med ommelett og bacon. Nikolai må ha melk til.

Frå Kina med kjærleik

lørdag, februar 27th, 2010

Eg har ikkje berre rydda i sommarbilete, men også i Kina-bilete. For eit vanvittig kontrastfylt land. Men eg har veldig lyst tilbake, viss dei slepp meg inn igjen. Blir du med, Hedda?

Kom sommarvind

fredag, februar 26th, 2010

Eg har alt kjøpt meg vårsko i semska skinn (“mokkasinar”, meiner Nikolai. “Nei,” seier eg.) og våknar med eit sukk kvar morgon når eg ser at det snør tett. I dag igjen.

Å rydde i sommarbilder gjer ikkje saka betre. Eg fann desse av det fantastiske skulehuset til Lars frå Færøysommaren i fjor.

Mor eg vil tilbake.

Søndagsfavorittar

søndag, februar 21st, 2010

Lørdags ettermiddag med Guinness

søndag, februar 21st, 2010

Det er aldri feil med Guinnes ein lørdag ettermiddag. Det veit Kamilla.

Lørdag formiddag på Halvorsens Conditori

søndag, februar 21st, 2010

For ein gong skuld: skikkelige kaker og damer med blått hår. Conditori med c kan vanskeleg slå feil ein lørdags formiddag.

Maris masterkonsert

tirsdag, februar 16th, 2010

Flinke Mari!

Jentehelg i Telemark

tirsdag, februar 16th, 2010

Ei fantastisk helg i Slåkjabua til Solvor i Telemark. Pass deg Solvor: No veit eg kor nøkkelen er, og eg kjem tilbake!

Estetisk bilvask

tirsdag, februar 16th, 2010

Bilvask er kjekt. To timar venting på Oslogjengen på Notodden blei slått delvis ihjel i vaskehallen.

Bittelitt vår i vinduskarmen

tirsdag, februar 9th, 2010

bittelitt-vayr-i-vinduskarmen

Ein vase med blomstrande greiner gjer underverk for den ellers manglande vårfølelsen. Eg trudde lenge at dette var kirsebærblomster, men måtte etter ei lengre, høfleg argumentasjonsrekke innsjå at lørdagens taxisjåfør hadde rett:

Han: “Du har kjøpt ferskengreiner. Det er fint.”

Eg: “Nei, eg trur det er kirsebærgreiner”

Han: “Nei, det er fersken. I mitt land pynter vi med sånne til nyttårsfeiringa.”

Eg: “Jaha. Men eg trur det er kirsebær.”

Han: “Javel”

Begge: Stilt

Han: “Men det er ferskengreiner”

Eg tek ein kikk på emballasjen, og kan sjå at der står det verkeleg “ferskengreiner”.