Archive for mars, 2010

Anton Ruud and the Wrong Way Home

lørdag, mars 27th, 2010

Som vanleg var det fantastisk stemning når det gjennomtatoverte timannsorkesteret til Nils inviterte til konsert på John Dee. På tide med større scener, kanskje. Det ser litt trangt ut. Fjorårets Rockefeller-konsert bør heilt klart få ei snarleg gjentaking.

Vår vei

torsdag, mars 25th, 2010

Før middag i dag gjekk vi tur nedover Akerselva for å ta ein kikk på den nye gata vår. Ikkje at vi ikkje har gått i Maridalsveien og Sagveien før, men no er det vår Maridalsveien. Det er kjekt.

HURRA!

onsdag, mars 24th, 2010

Vi er frå og med i dag dei stolte eigarar av 61 kvadratmeter i Maridalsveien 64 i Ila-dalen!

Det feirar vi med Corona til middag (og bypils seinare i kveld). Vi tar over herligheita i juni, og då blir det oppussing til den store gullmedalje. Nikolai har allerede teikna opp skisse for ein vegg vi skal bygge inn for å dele soverommet i to mindre rom, og vi fantaserer om ny kjøkkeninnredning og gamle tregolv (som vi håper finst under klikkparkett og linolium).

Det er berre å melde seg opp til dugnad i Oslo i sommar. Vi spanderer øl, sagmugg og malingslukt til alle hjelparar. Vi treng sjølvsagt også flyttefolk. Dessutan inviterer eg til gi-vekk-lag før vi pakker ned leiligheten på Torshov. Blant anna har eg bunkevis med bøker eg skal bli kvitt, og før loppemarknaden til skulekorpset på Torshov får restane, tenkte eg at kjentfolk får velge og vrake i førstesorteringa.

Visningssøndag

søndag, mars 21st, 2010

Tredje visningshelg på rad. Truleg går vi mot tredje budrundemandag i morgon.

Eg hadde ikkje trudd det skulle vere så frustrerande å gå på visning, men byen er dyr og dei bra leiligheitene har altfor mange om beinet.

Her sit vi og ventar på t-bana på Grønland etter visning i Hollendergata. Store fine rom som kan bli fantastiske med litt jobb. Eg spurte meglaren om kva som skulle komme på den store byningsplassen mellom bygården og Grønlandsleiret.

Ho: Det er ikkje avgjort enda, men det kan bli kva som helst. Kommunen er veldig opptatt av grønne lunger, så det kan jo bli ein park der for eksempel.

Eg (kikkar mistenksom ut på grusplassen utanfor): Det er vel ikkje noko særleg sannsynleg at det blir ein park der, er det vel?

(Rekka med småbarnsforeldre på visning ler i skjegget)

Ho (stram i meglarmaska): Tja, det kan jo bli kva som helst, eigentleg. Ingenting er avgjort. Men noko kjem det til å bli.

Med dagens byplanlegging i Oslo er vel parkeringsplass meir sannsynleg enn park…

Trass tre store rom, det blir likevel ikkje Hollendergata. Men kanskje blir det Ila-dalen.

Lørdag

søndag, mars 21st, 2010

Påskeliljer, Dagsavisen til frukost, brødbaking på kjøkkenet og vin til lunsj. Fin lørdag.

Hurra for Ingeborg!

søndag, mars 21st, 2010

Oslo bursdagsmaraton er i gang. Ingeborg fekk heimestrikka vottar, og eg og Skandinavia-Marie stilte i hard konkurranse om kven som hadde strikka dei finaste.

Mitt bidrag i konkurransen, her vist fram av vottekledd Nikolai:

Hurra for Ida!

lørdag, mars 20th, 2010

Vestland = sjuk

fredag, mars 12th, 2010

Kva er greia med at eg blir sjuk med ein gang eg kjem til Vestlandet. Dårlig klima? Tre dagar på jobb i Bergen var i alle fall nok til at eg i heile dag har vore stasjonert i sofaen med snørr og feber og hosting. Sjuk = kjedelig.

(Men Bergen er fint. Som vanlig. Og tenk at Sigurd skal bli pappa!)