Archive for april, 2010

Barselgave til Olivia

fredag, april 30th, 2010

Vesle, skjønne Olivia har fått pakke – ein heimesydd kjole og ei hue sydd av ein gammal, brodert duk. Det blei veldig fint, om eg skal seie det sjølv.

- Ei dokke til!

fredag, april 30th, 2010

Nikolai, Karoline og husapen vår Edvard utforskar matroyska-dokke frå St. Petersburg. Karoline er like imponert kvar gong det viser seg å vere ei ny dokke inni den forrige dokka.

Apen Edvard har for anledningen fått seg ny hatt. Karoline synst han er ganske teit.

Magnoliablomstring i blomsterbutikken

torsdag, april 29th, 2010

Eg blir litt glad av å kikke på magnoliagreinene til Jeans & Flowers på Torshov imens eg ventar på trikken. Ikkje lenge til magnoliablomstringa er i gang igjen i Botanisk hage no.

Utsalg

torsdag, april 29th, 2010

Denne veka har eg holdt eit aldri så lite mini-loppis på Finn for å få litt betre plass i kjøkkenskapet i den nye leiligheita. Det har ført til hard prioritering, og til at ei rekke ting eg har kjøpt for 5 kr etter beinhard pruting (“Den er jo gammal! Du kan ikkje seriøst meine at du skal ha 20 kr for den?), no har blitt seld ut igjen for 150 kr.

Det var berre å innsjå til slutt: Kor mange Figgjo-eggeglass treng ein eigentleg, når vi berre har brukt toppen tre av dei i løpet av dei siste fem åra. Og kor mange Figgjo-fat skal ein ta seg plass til?

Hamsteren i meg får sjølvsagt litt vondt igjen av å selge dette, men det er plenty der det kjem frå.

TV-fata frå Figgjo har funne seg ein ny heim på Frogner. Der får dei sikkert eit betre liv enn å stå stabla underst i tallerkenstabelen i Maridalsveien.

Vår i grøfta

mandag, april 26th, 2010

På kveldstur langs Akerselva fann vi både kvitveis og hestehov. Og enormt mange joggande menneske. Kvar kom dei frå? Vinterdvalen?

Kudos til Nikolai

mandag, april 26th, 2010

Nikolai sitt fritidsutvikla lydprogram Liveprofessor haustar skryt i internasjonal lydpresse. Nyleg har programmet reist på USA-turne med Serena Maneesh, og blant anna stått for lyd på South by Southwest.

Kjekt!

Ein flink mann!

Følgjer ein denne linken kan ein sjå ein langhåra amerikanar lovprise Liveprofessor gjennom ein veldig nerdete seanse for Keyboard Magazine:

“It will definitely expand your horizon, and maybe take you to places you’ve never gone before.”

Det lønner seg tydelegvis å vere veldig opptatt av kombinasjonen programmering og rock i ung alder.

Loppis-skattar

søndag, april 25th, 2010

Loppemarked på Kjelsås resulterte i eit fint lite teakskrivebord med hemmelege rom under lokket og ei gammal Luxo-aktig lampe. På trikken ned igjen til Torshov innreia vi likegodt bakerste vogn til eit privat kontor.

Lørdagsmorgon

søndag, april 25th, 2010

Lørdag vakna eg klokka sju og fekk ikkje sove igjen. Så eg stod opp, tok på Converse og gjekk ein morgontur i vårsola og kikka på blomster og knoppar.

I Torshovparken står ein mann og gjer morgongymnastikk i musikkpaviljongen. Han har hyggeleg utsikt til gymnastikken!

På veg heim gjekk eg innom Åpent Bakeri på Sandaker og kjøpte nybakt valnøttbrød til frukost.

Like etterpå fekk eg melding frå Stine om at dei endeleg har fått ei lita jente! Velkommen, Olivia!

Farvel samling

torsdag, april 22nd, 2010

Etter langt om lenge har eg kome til det punktet der eg innser at eg faktisk ikkje høyrer noko særleg på cd-ar lenger. Det er ikkje enkelt å innrømme, men mp3-ar og Spotify har tatt over for dei plastinnpakka musikkplatene. Vi har hatt husråd om vi skal ha cd-ane framme i den nye leiligheita eller ikkje, og bestemt oss for eit kompromiss: Alle plater vi har to av skal vi luke vekk eit eksemplar av, alle brenne-cd-ar skal vekk, alle tomme cover forsvinn og alt vi ikkje lenger høyrer på (for eksempel alle bluesplatene Nikolai kjøpte på bensinstasjonen som 12-åring då han skulle bli flink på bass) går ut.

Resultatet: Bunkevis med cd-ar i boss. Mesteparten har vi ikkje høyrd på sidan ungdomsskulen, nokon av oss. Og ein god del er tomme cover – eit resultat av den fullstappa cd-mappa eg gløymde igjen på bussen frå Lillehammer for nokre år sidan. Dessutan er mykje så gjennomripa at det ikkje kan spelast utan omfattande hakking. Eg fann til og med ei gammal Junior Senior-plate med sprekk tvers igjennom: Dansa i hjel på ein fest, kom eg på. Festplata har gjort si nytte, med andre ord.

Likevel er det vanskeleg å kaste. På eit tidspunkt betydde cd-samling så mykje for meg at det einaste eg tenkte på under kjipe deltidsjobbar var kor mange plater eg kunne kjøpe for pengane eg tjente.

Ingen av dei gode minnene har gått i boss. Å kaste gammal grunge er heilt uaktuelt. Men likevel – på eit tidspunkt var mengden cd-ar det som telte. Ikkje nødvendigvis innhaldet. Slik er det ikkje lenger. Heldigvis, kanskje.

Marimekko med guide

torsdag, april 22nd, 2010

Ingeborg inviterte til (faktisk!) veldig spennande foredrag om Marimekkos historie på Kunstindustrimuseet. Ho tok med seg finske Heidi som guide i utstillinga, som kunne oversette stoffnavna. Dessutan kunne Heidi forklare kva den finske maten vi fekk servert var laga av. Det viste seg å vere risengrynsgraut. Og noko egg-greier. Utrulig nok veldig godt. Finland imponerer. Over har Heidi funne veskestoffet sitt. Då må ein posere.

I utstillinga var det ganske mange ganske stygge kjolar, og ganske mange ganske fine kjolar. Noko for einkvar smak, skulle ein tru. Eg likte denne.