Archive for mai, 2010

Dugnadshelg

søndag, mai 30th, 2010

Tusen takk for fantastisk hjelp i helga!

No er vi klare for pussemaskin og golvsliping i morra!

Seriøse saker

torsdag, mai 27th, 2010

Det er ikkje berre berre å invitere til vannkrig når ein er åtte år.

Forfattarens fødselsdag

torsdag, mai 27th, 2010

Sjå på det forelska paret!

Vårnatt på Grønland

torsdag, mai 27th, 2010

Hagesøndag

søndag, mai 23rd, 2010

Vi starta søndag med is i hagen til Tonje og Håvard på Nordberg. Elisabeth (eller “Bullen” som Karoline kallar ho, som i: “Jeg bet Bullen!”) har blitt skikkelig stor. Og veldig søt.

Frå nedpussing til oppussing

søndag, mai 23rd, 2010

I helga har vi endeleg kome så langt i leiligheita på Ila at eg har begynt å sjå at det kjem til å bli fint. I dag var siste rest av papp og lim fjerna fra golvet i gangen, og alle rom er dermed offisielt klare for pussemaskina. Uheldigvis er vår lokale malebutikk si pussemaskin utleigd til nokon andre akkurat no, så vi får smøre oss med tolmod. Imens pussar og sparklar vi på soverommet, og første runde heilsparkling er no klar. Så gjenstår kun ei runde til med heilsparkling, påfølgande nedpussing og deretter grunning og eit par strøk med maling. Og deretter vidare til neste rom. Puh.

Fin gjeng fanga på film

søndag, mai 23rd, 2010

Hurra meg rundt for ein hyggeleg fredag hos Frode. Yngvild er fotografen. Eg trur ikkje vi kjem med på eksamensutstillinga hennar, men det er uansett gøy å bli tatt bilde av med god gammaldags film. Ein tar seg saman på ein heilt annan måte.

Ugras er ofte dei finaste blomstrane

søndag, mai 23rd, 2010

Byhund for ei helg

søndag, mai 23rd, 2010

Balder har vore på bybesøk igjen, og tok inn siste natta på Torshov for litt avslapning før tilbaketuren til Vestlandet. Vanvittig korleis den hunden snorkar. Men det er sikkert eit teikn på at han trivst.

Han ser framleis like trist ut, spesielt når han tiggar mat. Som her.

Hemmeleg og hemmeleg, fru kunsthistorikar

torsdag, mai 20th, 2010

Til frukost i dag kosa eg meg med OBOS-bladet, som vi som nyslåtte OBOS-medlemmar mottar ikkje mindre enn to eksemplar av. Og der, på side 21, fann eg bygården vår på Ila i reportasjen “Hemmelige perler i OBOS-land”. Kunsthistorikar Anne-Kristine Kronborg har blitt bedt om å komme med tre tips til arkitektoniske perler blant OBOS-bygga, og på topp kjem Maridalsveien 64.

Tidlig funksjonalisme i indre by

- Maridalsveien 64 er borettslaget for den som søker det urbane livet i indre by. OBOS-bygget fra 1930-tallet er blant mine favoritter, forteller Anne-Kristine Kronborg.

- Bygget er vakkert og bunnsolid i håndbanket, rød tegl. Gårdsrommet er parkmessig og toromsleilighetene er ganske store. Man får både et skikkelig kjøkken i et eget rom, en stue og et nesten like stort soverom. Blokka har stor fasadelengde, store vinduer og mye lys, sier hun.”

(Akkurat no pirkar vi restar av papp og lim frå tregolvet i gangen, etter at tidlegare generasjonar likegodt har limt fast linolium og korkgolv. Det ser ikkje så veldig ut som ei perle der for tida, men det skal bli fint. Og etter at vi drog på boss-plassen med mange av dei gamle golvrestane i dag, har det blitt riktig så romslig der, også.)