Rockenbom » Blog Archive » Bittelitt vår i vinduskarmen


Bittelitt vår i vinduskarmen

bittelitt-vayr-i-vinduskarmen

Ein vase med blomstrande greiner gjer underverk for den ellers manglande vårfølelsen. Eg trudde lenge at dette var kirsebærblomster, men måtte etter ei lengre, høfleg argumentasjonsrekke innsjå at lørdagens taxisjåfør hadde rett:

Han: “Du har kjøpt ferskengreiner. Det er fint.”

Eg: “Nei, eg trur det er kirsebærgreiner”

Han: “Nei, det er fersken. I mitt land pynter vi med sånne til nyttårsfeiringa.”

Eg: “Jaha. Men eg trur det er kirsebær.”

Han: “Javel”

Begge: Stilt

Han: “Men det er ferskengreiner”

Eg tek ein kikk på emballasjen, og kan sjå at der står det verkeleg “ferskengreiner”.

4 kommentarar på “Bittelitt vår i vinduskarmen”

  1. Ida seier:

    Åh! Fortell meg! Kvar får ein kjøpt slike kirsebærferskengreiner? Take me to your dealer.

  2. ingeborg seier:

    haha, kverulere med taxisjåføren! nydeleg.

  3. ingvild seier:

    på lørdag solgte dei slike på blomsterbutikken på gunerius. (no blir eg litt redd for å oppfattast som ein som frekventerer gunerius i tide og utide. det gjer eg ikkje, men det hender dei har fine blomster på blomsterbutikken, som sagt.).

    dei hadde ganske mange inne, så dei har sikkert fortsatt.

    trikset er å sette greinene i litt varmare enn lunka vatn. då spring skudda ut i løpet av eit døgn. vakkert!

  4. Stine Marie seier:

    mmm vår!!!

Legg til ein kommentar