Velkommen, Sølvsuper!
Nikolai arva farmora sin gamle Tandberg Sølvsuper (“Spilledåsen”, som ho skal ha kalt den) for lenge sidan, men dei siste åra har det fantastiske musikkmøbelet stått og samla støv bak sofaen innerst på hemsen på Færøy. Med ny leilighet får også Sølvsuperen eit nytt liv. Det gjenstår berre å frakte monstermøbelet frå Færøy til Oslo.
Det er ikkje første gang det ein gong så fasjonable 60-talls musikkkabinettet har vore på tur. Ifølge Nikolai har det iallfall reist desse strekningane:
Porsgrunn – Notodden
Notodden – Bergen
Bergen – Færøy
Færøy – Førde
Førde – Dale
Dale – Færøy
Og nå altså Færøy – Oslo.
I Dale stod det og trona innerst i den enorme stua på kunstnarsenteret. Saman med eit slagverk og Nikolai og Aksel sin heimesnekra, enorme gitarforsterkar, ispedd litt rundtomkringliggande gitarar på golvet, gjorde den stua til noko av ein konsertarena.
Alt som skal frå huset til kaia på Færøy må i traktor (berre omtala som “Isekien”).
Så humpar Sølvsuperen avgarde til sjøen.
Der lånte vi lettbåten “Hjalmar” og tøffa i sakte fart til Hersvika. Det gjekk så seint at eg rakk å bli solbrendt før vi var framme. På Hersvikkaia måtte vi buksere Sølvsuperen opp frå båten, opp ei trapp til kaia og deretter inn i bilen. Det gjekk, med nød og neppe. No står den i stua vår i Maridalsveien, og skal snart bli så god som ny. Radioen og platespelaren funkar, og i tillegg skal lydteknikaren Nikolai kamuflere vår nye Bose-stereo inn i den gamle kroppen, slik at vi kan bruke den som eit fullt fungerande musikkanlegg – ikkje berre som pynt. Når han er ferdig blir det fest.




mandag 26. juli 2010 klokka 11:19
Gledar meg!
mandag 26. juli 2010 klokka 13:44
ja! eg au!