Posts Tagged ‘båt’

Velkommen, Sølvsuper!

fredag, juli 23rd, 2010

Nikolai arva farmora sin gamle Tandberg Sølvsuper (“Spilledåsen”, som ho skal ha kalt den) for lenge sidan, men dei siste åra har det fantastiske musikkmøbelet stått og samla støv bak sofaen innerst på hemsen på Færøy. Med ny leilighet får også Sølvsuperen eit nytt liv. Det gjenstår berre å frakte monstermøbelet frå Færøy til Oslo.

Det er ikkje første gang det ein gong så fasjonable 60-talls musikkkabinettet har vore på tur. Ifølge Nikolai har det iallfall reist desse strekningane:

Porsgrunn – Notodden

Notodden – Bergen

Bergen – Færøy

Færøy – Førde

Førde – Dale

Dale – Færøy

Og nå altså Færøy – Oslo.

I Dale stod det og trona innerst i den enorme stua på kunstnarsenteret. Saman med eit slagverk og Nikolai og Aksel sin heimesnekra, enorme gitarforsterkar, ispedd litt rundtomkringliggande gitarar på golvet, gjorde den stua til noko av ein konsertarena.

Alt som skal frå huset til kaia på Færøy må i traktor (berre omtala som “Isekien”).

Så humpar Sølvsuperen avgarde til sjøen.

Der lånte vi lettbåten “Hjalmar” og tøffa i sakte fart til Hersvika. Det gjekk så seint at eg rakk å bli solbrendt før vi var framme. På Hersvikkaia måtte vi buksere Sølvsuperen opp frå båten, opp ei trapp til kaia og deretter inn i bilen. Det gjekk, med nød og neppe. No står den i stua vår i Maridalsveien, og skal snart bli så god som ny. Radioen og platespelaren funkar, og i tillegg skal lydteknikaren Nikolai kamuflere vår nye Bose-stereo inn i den gamle kroppen, slik at vi kan bruke den som eit fullt fungerande musikkanlegg – ikkje berre som pynt. Når han er ferdig blir det fest.

Balder på ro-tur

søndag, juli 18th, 2010

Balder er på feriekoloni på Færøy, og har som vanleg stor suksess med tiggetrikset sitt: Å bokstaveleg talt sette hundeaugo sine i deg og sjå trist ut slik at han skal få enda litt meir mat. I båt er han derimot litt stressa. Men han vil likevel stå heilt framst på båten som ein litt utypisk gallionsfigur. Tulling.

På topptur på Alden

søndag, juli 18th, 2010

Båtutsetting på lille julaftan

mandag, desember 28th, 2009

bayt2

bayt1

Jørgen og Aksel satte ut færingen til Asmund rett før jul, og reiste på kald segltur på julaftan. Tøffingar.

Fredagspils på Innvik

lørdag, august 8th, 2009

innvik3

innvik2

innvik1

Hund på gyngande grunn

torsdag, juli 16th, 2009

Tøff hund er los/gallionsfigur foran på båten:

bayt3

Litt redd hund hyler:

bayt1

Redd hund må få trøst:

bayt2

Med stil inn i solnedgangen

mandag, juli 13th, 2009

emma-peel1

Birgitta og Alexandre har vore på besøk på Færøy med sin fantastiske trebåt Emma Peel, oppkalla etter ho her. Etter middag drog vi ut mot havet i solnedgangen med kvitvin på bordet.

emma-peel7

emma-peel-008

emma-peel3

emma-peel6

emma-peel4

emma-peel5

emma-peel2

På tur utan kart

fredag, juli 10th, 2009

smalsund3

På kveldstur rundt øya Ospa ytst i havet. Verken Aksel eller Nikolai er godt kjent, så Nikolai må henge som gallionsfigur framst på båten for å sjå om vi går på steinar.

smalsund2

Åra må ut for å stake oss gjennom eit sund.

smalsund

Nok eit trangt sund. Som viste seg å gå inn i ei lagune utan utvegar. Nesten som i Orions Belte-filmen. Dersom det hadde komt eit russisk helikopter og bomba ei skjult hole i fjellveggen, hadde det eigentleg passa ganske bra.

Farvel Færøy

søndag, april 12th, 2009

Aksel skyssar oss med båt frå Færøy til Flekke. I morra blir det buss til Bergen og fly vidare til Oslo. Så er påska slutt for i år.