Posts Tagged ‘bil’

Estetisk bilvask

tirsdag, februar 16th, 2010

Bilvask er kjekt. To timar venting på Oslogjengen på Notodden blei slått delvis ihjel i vaskehallen.

E6, men ikkje den strakaste vegen

fredag, juni 5th, 2009

Nils kjenner folk overalt. Til og med i bilkøen sør for Moss, der ein mann kjørte opp på sida og ropte “Halla Nils!” inn våre nedrulla vindu. Eg var nesten imponert over at han ikkje traff nokon han kjente på Marstrand. Dei var vel på ferie ein anna plass, går eg ut ifrå.

Kø / kultur?

fredag, juni 5th, 2009

Sverige, truleg i rein bitterheit over å ikkje få fri når nabolandet har fri, bestemte seg for å gjere det vanskeleg for nordmenn å komme seg tilbake til landet etter langhelga. Dei stengte liksågodt heile den nye E6. Vi snegla oss fram i tropevarm bil og smurte armane med solkrem for å ikkje bli brent gjennom opne vindu. I det minste fekk vi høyrd mykje på 60-tallspop og gammal Tazte Priv.

Brannbil!

tirsdag, april 7th, 2009

Ein lettare antikvarisk brannbil i Askvoll. Best å ikkje sette fyr på huset.

Medan vi ventar på ferja

søndag, desember 28th, 2008

Kva er best bandnamn? The Oters eller The Ferjelems?

And for my nineteenth birthday I got a union card and a wedding coat

fredag, oktober 17th, 2008

Eg ser for meg at dette er ein slik bil som Bruce Springsteen syng om i The River, der ein køyrer down to the river (and into the river we dive).

Han har vore overalt

onsdag, oktober 15th, 2008