Posts Tagged ‘Færøy’

1-2-3 ny lampe

fredag, juli 23rd, 2010

På Færøy fann eg denne lampa nedstøva på golvet i det gamle atelieret til Reidun og Arild, som no er i ferd med å pussast opp. Lampa har i sitt tidligare liv fungert som arbeidslys på garnhengja ved sjøen, og hadde ei gigantisk 500-wattspære innstallert. Eg visste ikkje eingong at det fantes 500-wattspærer.

Eg spurte pent om å få den, og fekk raskt klarsignal mens Arild trakk på skuldrane og spurte kva i all verda vi skulle med den. “Ha den over bordet til besta”, sa eg, og han berre lo.

Men no har vi vaska den ned, kobla frå gamle ledningar og støpsel, og i forrige veke hang vi den ut i bakgården for nokre omgangar med kvit billakk.

Og lampa blei knallfin. Vi har ingen ferdig-fotos å vise enda, men dei kjem snart. Med ny stoffledning heng den og gjer stas på bordet til besta.

Velkommen, Sølvsuper!

fredag, juli 23rd, 2010

Nikolai arva farmora sin gamle Tandberg Sølvsuper (“Spilledåsen”, som ho skal ha kalt den) for lenge sidan, men dei siste åra har det fantastiske musikkmøbelet stått og samla støv bak sofaen innerst på hemsen på Færøy. Med ny leilighet får også Sølvsuperen eit nytt liv. Det gjenstår berre å frakte monstermøbelet frå Færøy til Oslo.

Det er ikkje første gang det ein gong så fasjonable 60-talls musikkkabinettet har vore på tur. Ifølge Nikolai har det iallfall reist desse strekningane:

Porsgrunn – Notodden

Notodden – Bergen

Bergen – Færøy

Færøy – Førde

Førde – Dale

Dale – Færøy

Og nå altså Færøy – Oslo.

I Dale stod det og trona innerst i den enorme stua på kunstnarsenteret. Saman med eit slagverk og Nikolai og Aksel sin heimesnekra, enorme gitarforsterkar, ispedd litt rundtomkringliggande gitarar på golvet, gjorde den stua til noko av ein konsertarena.

Alt som skal frå huset til kaia på Færøy må i traktor (berre omtala som “Isekien”).

Så humpar Sølvsuperen avgarde til sjøen.

Der lånte vi lettbåten “Hjalmar” og tøffa i sakte fart til Hersvika. Det gjekk så seint at eg rakk å bli solbrendt før vi var framme. På Hersvikkaia måtte vi buksere Sølvsuperen opp frå båten, opp ei trapp til kaia og deretter inn i bilen. Det gjekk, med nød og neppe. No står den i stua vår i Maridalsveien, og skal snart bli så god som ny. Radioen og platespelaren funkar, og i tillegg skal lydteknikaren Nikolai kamuflere vår nye Bose-stereo inn i den gamle kroppen, slik at vi kan bruke den som eit fullt fungerande musikkanlegg – ikkje berre som pynt. Når han er ferdig blir det fest.

Færøy-sommar

søndag, juli 18th, 2010

Rasmus har bygd flåte

søndag, juli 18th, 2010

Kanskje ikkje noko å segle til Shetland med. Men han skal ha for fantasien. Eg er litt usikker på kva han har tenkt å bruke kassane til. Muligens matvarer frå butikken.

Balder på ro-tur

søndag, juli 18th, 2010

Balder er på feriekoloni på Færøy, og har som vanleg stor suksess med tiggetrikset sitt: Å bokstaveleg talt sette hundeaugo sine i deg og sjå trist ut slik at han skal få enda litt meir mat. I båt er han derimot litt stressa. Men han vil likevel stå heilt framst på båten som ein litt utypisk gallionsfigur. Tulling.

På topptur på Alden

søndag, juli 18th, 2010

17.mai på Færøy

mandag, mai 17th, 2010

Nikolai starta nasjonaldagen med ein kornett-salutt ute på terrassen til lyden av barnetoget i Oslo på tv i bakgrunnen. Det hørtes litt meir ut som ein skadd elefant sitt siste rop på hjelp enn på ein salutt, men når ein ikkje kan stå og hoie entusiastisk på noko korps utanfor tidleg om morgonen, gjer forsåvidt litt kornetthyling nytten.

Etter frukost gjekk vi for å helse på våre nye kompisar – Søstrene Sau. Dei var som vanleg hjerteleg imøtekommande.

Til tross for at vi truleg var dei einaste to personane på øya i dag, sidan alle andre hadde reist til Hardbakke for å gå i tog, såg eg ingen grunn til å ikkje pynte seg på nasjonaldagen. I mangel på bunad blei det raudt-kvitt-og-blått-påkledning i staden for. Litt vanskeleg å gå med høge hælar på grusveg, oppdaga eg raskt, men vi spaserte likevel (i sakte tempo, som seg hør og bør ein slik dag) den lengste vegen som er på øya fram og tilbake, dvs sånn omtrent 800 m inn til Vassdalen, og sånn omtrent 800 m tilbake.

Etterpå lånte vi Dagmar sin båt Knisen, mot å ause ut alt styrtregnet frå i går, og så rodde vi. Ikkje til fiskeskjær, men iallefall til fyret.

Flink å ro er han også!

Eg er igjen uklanderleg antrukke for anledningen.

Martha konfirmant

fredag, mai 14th, 2010

Martha hadde konfirmasjon forrige helg, og i dag har vi vore rundt på fotoshoot på Færøy for å sikre motiv til takkekort. Eg synst ho oppførte seg eksemplarisk som fotomodell, og ho har sikkert skikkelig vondt i smilemusiklane i kveld.

Til veka skal forøvrig Martha møte både Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete når dei kjem på rundreise langs kysten. Foreløpig plan er visstnok at ministerfølget kjem i båt og plukkar opp Martha frå kaia heime på Færøy, og tek ho med på tur vidare til Bergen. Eg meinte ho burde stille i bunad då også, men ho hadde visst fått streng beskjed om å stille i vanlige klede. Ungdomsrådsleiaren har travle dagar, med andre ord.

Solnedgangstur til Selvika

fredag, mai 14th, 2010

Etter supergod middag hos Asmund og Bjarnhild, med grilla, utegåande lam frå naboøya Gåsvær, strekte vi på beina med tur til Selvika på den andre sida av øya, der vi kikka litt på at sola gjekk ned i havet og på to kobber som leika i vatnet utanfor stranda.

- Kan eg få halde?

fredag, mai 14th, 2010

I møte med lamma til Hans på Færøy blir eg som eit lite barn, og må plukke opp eit av dei små, brekande lamma og halde på dei. Av ein eller anna grunn har han merka dei med gåveband, slik at det ser ut som dei har pynta seg med 17.mai-sløyfer.