Vår nye leiligheit – skrytefotos
søndag, august 1st, 2010Her kjem rett og slett ein fotogjennomgang av leiligheita i Maridalsveien. Vi startar med stua, der vi har kjøpt vår første sofa, og føler oss rett så etablerte med det. Sofaen får selskap av vår finske design-kuppstol frå loppemarked – tidlegare blogga om her, ikledd eit fantastisk saueskinn frå Flekke. Den luxo-aktige lampa i vinduskarmen er også kjøpt på loppemarked, det samme er vårt veldig fine flyfoto av Oslo som heng over sofaen:
Bildet blei mitt for 80 kr, og eg måtte ringe Nikolai og vekke han og lokke med sjokoladekake og kaffi for å få han til å komme med t-bana og hjelpe meg å bære det heim. Svein Olav har påpeikt at den rette termen for bildet er “foto tatt frå fly”, og ikkje “flyfoto”. Visstnok skal flyfoto vere i rett målestokk osv. Det er uansett kjekt å sitte og sjå på bildet og oppdage stadig nye detaljar, f.eks at det blir bygd ein oljeplattform ved verkstedet der Aker Brygge ligg i dag.
Bordet frå Besta kan trekkast ut med ei bordplate i midten, og skal huse middagsselskap når hausten kjem. Over det heng lampa frå garnhengja på Færøy, med ny innmat, stoffkledd ledning og eit par lag billakk. Rundt bordet står kvitmåla trestolar som er ei god blanding av arv og innkjøp frå brukthallen på Sinsen.
Dessutan har eg fått meg lesehjørne, der ei Luxo-lampe sørgar for lyset over vår omtrukne loppemarkedstol framfor fargekoda bok-rader.
Då vi var på visning tenkte eg: “Dei brune flisene i vinduet skal iallefall vekk”. Men med tida, og med kvitmalte vinduskarmar, synst eg flisene er veldig fine. Når alt anna har blitt kvitt, framstår dei nesten som ein skulptur i rommet. Så flisene har fått bli.
Vidare til kjøkkenet, med ny, høgglansa kvit kjøkkeninnredning og vår enormt tunge benkeplate i heiltre. Når pappa kjem på besøk om to veker skal han hjelpe oss å legge fliser over benken, og då er kjøkkenet heilt ferdig.
Bordet på kjøkkenet er furubordet frå Ikea som vi malte kvitt og brukte som stuebord på Torshov. Det har fått selskap av fire, fine eikestolar frå Besta, som vi har gitt nytt, mørkegrått vadmelstrekk:
Trekket er kjøpt inn frå Rainbow Fashion-stoffbutikken på Grønland, som forøvrig anbefalast varmt.
Eg: – Det stoffet her (bukserar med stor tung stoffrull), trur du det passer til å trekke om setet på kjøkkenstolar?
Mannen i butikken: – Ja, det stoff passer veldig bra. Det er veldig god kvalitet. Det heter… vladim, valdim… valdmin…
Eg: Vadmel?
Han: Ja! Vadmel! Veldig vanskelig ord!
I gangen heng kvite oksar frå Designtorget og tjener som knaggar.
Der står også vår veldig fine, heimesnekra skohylle, som vi bygde av eit gammalt Ikea-skap for å passe inn i den lange, smale gangen på Torshov. Heldigvis passar hylla like fint i Maridalsveien.
Soverommet har vi delt i to med ein vegg på midten, slik at vi får gjesterom og kontor avskilt i eit anna rom. Kven treng uansett eit 21 kvadratmeter stort soverom? Vi er veldig nøgde med vårt nye soverom, med kvitmalte tregolv, og med vår nye, kjempefine trevegg:
Veggen har Nikolai bygd – flink mann – og eg har beisa den med tre strøk drivved-interiørbeis. Veggen står veldig fint i kontrast til linkjolen eg kjøpte i St.Petersburg.
Skapa dei forrige eigarane satte igjen har fått nye, høgglansa kvite skapdører, og etter litt sageverksemd bak det eine skapet passar dei akkurat inn i bredda på enden av rommet.
Over senga har vi fått låne eit bilete som Arild har teikna. Det hang ei stund på rommet vi søv på på Færøy, og då eg hørte at det var sendt til utstilling i Førde, tenkte eg at eg skulle sagt kor fint eg synst det var før. Når eg nevnte det i sommar, sa Arild berre: “dra inn på Kunstnarsenteret og hent det, dere. ” Så det gjorde vi.
På nattbordet mitt ligg ei lita samling avlange, avrunda steinskattar som eg har plukka med meg når eg har vore ute på tur.
Om ettermiddagen og kvelden skin sola gjennom heile leiligheita frå soverommet og kjøkkenet og lagar fint lys på det kvitmalte tregolvet.
I det som før var den innerste delen av soverommet, har vi no fått gjesteseng og kontor. Gjestesenga (som er fantastisk til ein liten ettermiddagslur) kan trekkast ut til å bli dobbelseng. Smart!
Oppå kommoden tronar ei lampe eg kjøpte på loppemarked i vår, sammen med fleire bilder som venter på å få tildelt veggplass.
Kontordelen av det gamle soverommet synst eg at har blitt veldig fin. Her står teakbordet vi kjøpte på loppemarked tidlegare i år – omblogga her – saman med ein trestol eg har arva og malt kvit, med ein skikkeleg klassiskar av ei Luxo-lampe til leselys, eit foto eg har tatt av Nikolai som pynt, og ei fletta papirkorg – av gamle telefonkatalogar, frå Muji. I hjørnet tronar ein annan klassikar, Les Paul-gitaren.
Her er det så fint at det er kjekt å vakne om morgonen!





















































