
Snart kjem Arild og henter bilen vi har hatt på Oslo-lån i sommar, og derfor bestemte vi oss for å reise på god, gammaldags biltur i dag. Vi plukka opp Sara på Tøyen og sette kursen mot sol, sommar og Vestfold.

Ved Sande tok vi av frå E18 og køyrde gamlevegen langs fjorden mens vi kom med begeistra utrop som “Åh, sjå her dyrkar dei gresskar!” og “Sjå på det drivhuset” og “Nei, her var det fint!”
Framme ved første stopp, Karljohansvern i Horten, drakk vi kaffi og åt vaflar med dei eldre på lokalhistorisk kafe, og vandra rundt i det gamle militærområdet.

Vi forelska oss i desse husa.

Dessutan hadde dei veldig fine strender like bortanfor Karljohansvern. Her kunne vi godt ha budd (om det låg litt nærmare Oslo).


Så sette vi oss i bilen igjen og køyrde gjennom Tønsberg og over Nøtterøy og deretter over Tjøme heilt ut til Verdens ende.

Her er det fantastisk fint!

Og veldig sterk vind:


Veldig hyggelig tur. Hadde vi hatt bil skulle vi reist på slike turar heile tida. (Trur eg. Om vi faktisk hadde gjort det, er ei anna sak…)
