Posts Tagged ‘heimelaga’

Og her er pakken til vesle Mikal

onsdag, juli 28th, 2010

Heimesydd skjorte av eit gammalt, tynt bomullsskjerf frå H&M.

Heimesydd sparkebukse sydd av ein stripete tunika eg ikkje lenger brukar.

Foret inni er frå det samme H&M-skjerfet som skjorta er sydd av.

Og ei heimesydd hue av ein linserviett kjøpt på loppemarked, også denne fora med mjukt H&M-skjerf.

1-2-3 ny lampe

fredag, juli 23rd, 2010

På Færøy fann eg denne lampa nedstøva på golvet i det gamle atelieret til Reidun og Arild, som no er i ferd med å pussast opp. Lampa har i sitt tidligare liv fungert som arbeidslys på garnhengja ved sjøen, og hadde ei gigantisk 500-wattspære innstallert. Eg visste ikkje eingong at det fantes 500-wattspærer.

Eg spurte pent om å få den, og fekk raskt klarsignal mens Arild trakk på skuldrane og spurte kva i all verda vi skulle med den. “Ha den over bordet til besta”, sa eg, og han berre lo.

Men no har vi vaska den ned, kobla frå gamle ledningar og støpsel, og i forrige veke hang vi den ut i bakgården for nokre omgangar med kvit billakk.

Og lampa blei knallfin. Vi har ingen ferdig-fotos å vise enda, men dei kjem snart. Med ny stoffledning heng den og gjer stas på bordet til besta.

Rasmus har bygd flåte

søndag, juli 18th, 2010

Kanskje ikkje noko å segle til Shetland med. Men han skal ha for fantasien. Eg er litt usikker på kva han har tenkt å bruke kassane til. Muligens matvarer frå butikken.

Barselgave til Olivia

fredag, april 30th, 2010

Vesle, skjønne Olivia har fått pakke – ein heimesydd kjole og ei hue sydd av ein gammal, brodert duk. Det blei veldig fint, om eg skal seie det sjølv.

Barselgåve til Elisabeth

tirsdag, februar 2nd, 2010

kjolehjelm6

kjolehjelm7

kjolehjelm3

kjolehjelm4

kjolehjelm9

kjolehjelm10

kjolehjelm8

kjolehjelm1

Heimesydd kjole og hjelm, og heimestrikka sokkar i kjempemjuk Alpakka-ull. Kjekt å gje vekk!

Julegåve til Karoline

fredag, desember 25th, 2009

dokkekle1

dokkekle3

dokkekle6

dokkekle5

dokkekle4

dokkekle2

Niese Karoline fekk dokkekle til dokkene Emma og Ding til jul. Til og med eit regntøysett, vist på nederste bildet. Eg er ikkje lite imponert over meg sjølv.

Pepperkakemania

søndag, desember 13th, 2009

pepperkake11

pepperkake8

pepperkake10

pepperkake7

pepperkake3

pepperkake1

pepperkake6

pepperkake9

pepperkake2

pepperkake5

Vi har bakt altfor mange pepperkaker, og har kakepynt til langt oppover øyrene.

Til god hjelp

mandag, desember 7th, 2009

bokmeldingEg har hatt over ein månad på å skrive ei bokmelding som skal leverast denne veka, som eg enda ikkje har begynt å skrive. Eg meinte Nikolai burde hjelpe meg. Utan å ha lest boka, meinte han at han gjorde eit ærleg forsøk, og var riktig så fornøgd når han etterpå fann ei setning om hestar i boka.

Julekortproduksjon

søndag, desember 6th, 2009

julekort2

julekort1

Inga blir ein fluesopp

tirsdag, november 24th, 2009

inga1

Snart må det bli noko av det lenge planlagte babybesøket hos Marianne for å beundre vesle Inga. Eg har nemleg sydd kjole og hue (eller “hjelm” som syboka til mamma frå 70-tallet kaller det. eg trudde hjelm var noko hardt, i det minste av rosa isopor som sykkelhjelmane på 80-tallet, som beskytta ein mot knall og fall) som den vesle skal få, og som Nikolai så fint sa då eg viste det fram: “Ja, ho kjem jo til å sjå ut som ein fluesopp.”

inga3

inga2

Han har jo forsåvidt rett i det.