Posts Tagged ‘hus’

Hemmeleg og hemmeleg, fru kunsthistorikar

torsdag, mai 20th, 2010

Til frukost i dag kosa eg meg med OBOS-bladet, som vi som nyslåtte OBOS-medlemmar mottar ikkje mindre enn to eksemplar av. Og der, på side 21, fann eg bygården vår på Ila i reportasjen “Hemmelige perler i OBOS-land”. Kunsthistorikar Anne-Kristine Kronborg har blitt bedt om å komme med tre tips til arkitektoniske perler blant OBOS-bygga, og på topp kjem Maridalsveien 64.

Tidlig funksjonalisme i indre by

- Maridalsveien 64 er borettslaget for den som søker det urbane livet i indre by. OBOS-bygget fra 1930-tallet er blant mine favoritter, forteller Anne-Kristine Kronborg.

- Bygget er vakkert og bunnsolid i håndbanket, rød tegl. Gårdsrommet er parkmessig og toromsleilighetene er ganske store. Man får både et skikkelig kjøkken i et eget rom, en stue og et nesten like stort soverom. Blokka har stor fasadelengde, store vinduer og mye lys, sier hun.”

(Akkurat no pirkar vi restar av papp og lim frå tregolvet i gangen, etter at tidlegare generasjonar likegodt har limt fast linolium og korkgolv. Det ser ikkje så veldig ut som ei perle der for tida, men det skal bli fint. Og etter at vi drog på boss-plassen med mange av dei gamle golvrestane i dag, har det blitt riktig så romslig der, også.)

Hurra for tregolvet!

søndag, mai 2nd, 2010

Vi har tatt over leiligheit i helga, og starta søndagen friskt med oppussingsoppkledning og verktøy i Maridalsveien. Sjå på vår fine utsikt frå stua!

Målet for dagen har vore å finne ut om det verkeleg finst eit gammalt tregolv under klikkparkett og linolium, sidan ingen har kunne fortelle oss heilt sikkert om det er tilfelle. Det var derfor ganske nervepirrande å begynne å lette på parketten på soverommet, og finne ei tjukk papp-plate under. Men då vi endeleg fekk laga oss hol igjennom den tjukke pappen, kunne vi med stor glede konstatere at det finst eit tregolv der. Og tregolvet var også kjempefint, utan store sprekkar mellom borda.

Papp-platene var riktignok godt fastspikra over heile golvet, så ein del spikerhol blei det. Men med nokre omgangar med pussemaskin kan dette bli kjempebra! Vi klarte sjølvsagt ikkje å nøye oss med berre å lette litt på nokre bord, men sette like godt i gang med å bryte søndagsfreden i Maridalsveien og bryte opp resten av soveromsgolvet.

Vår nye nabo Frode stakk innom med kaffi og bollar, og passa på å skryte veldig av leiligheita. Vi er sjølvsagt einig i at den er knallfin, eller at den iallefall kjem til å bli det etterkvart.

Etter kaffipausen ville Frode veldig gjerne vere med å bryte litt golv. Når ein ellers sit og funderer over akademiske spørsmål heile dagen er det veldig forfriskande å jobbe med hammar og spiker. I løpet av tre kvarter var all gammal papp fjerna, og tregolvet på soverommet igjen eksponert for dagslys etter kven veit kor mange år under linolium og klikkparkett.

No gjenstår det å sjå om også dei andre romma skjuler tregolv under golvbelegget. Vi satsar på det!

Vår vei

torsdag, mars 25th, 2010

Før middag i dag gjekk vi tur nedover Akerselva for å ta ein kikk på den nye gata vår. Ikkje at vi ikkje har gått i Maridalsveien og Sagveien før, men no er det vår Maridalsveien. Det er kjekt.

HURRA!

onsdag, mars 24th, 2010

Vi er frå og med i dag dei stolte eigarar av 61 kvadratmeter i Maridalsveien 64 i Ila-dalen!

Det feirar vi med Corona til middag (og bypils seinare i kveld). Vi tar over herligheita i juni, og då blir det oppussing til den store gullmedalje. Nikolai har allerede teikna opp skisse for ein vegg vi skal bygge inn for å dele soverommet i to mindre rom, og vi fantaserer om ny kjøkkeninnredning og gamle tregolv (som vi håper finst under klikkparkett og linolium).

Det er berre å melde seg opp til dugnad i Oslo i sommar. Vi spanderer øl, sagmugg og malingslukt til alle hjelparar. Vi treng sjølvsagt også flyttefolk. Dessutan inviterer eg til gi-vekk-lag før vi pakker ned leiligheten på Torshov. Blant anna har eg bunkevis med bøker eg skal bli kvitt, og før loppemarknaden til skulekorpset på Torshov får restane, tenkte eg at kjentfolk får velge og vrake i førstesorteringa.

Kom sommarvind

fredag, februar 26th, 2010

Eg har alt kjøpt meg vårsko i semska skinn (“mokkasinar”, meiner Nikolai. “Nei,” seier eg.) og våknar med eit sukk kvar morgon når eg ser at det snør tett. I dag igjen.

Å rydde i sommarbilder gjer ikkje saka betre. Eg fann desse av det fantastiske skulehuset til Lars frå Færøysommaren i fjor.

Mor eg vil tilbake.

Fyrfolk

onsdag, juli 15th, 2009

geita1

Geita fyr ligg aleine på ei øy i havet nord for Færøy. Eg har aldri vore i land der før, så eg og Nikolai og Balder drog ut på tur med liten båt for erobre nytt land.

geita2

Dei godt og vel hundre åra fyret var i bruk og manuelt styrt, budde det faktisk barnefamiliar her ute på øya som er så glattskurt at ikkje eingong dei hardføre grantrea klarar å klamre seg fast. Kaia er minst fem meter høg, og fyrvoktarane heiste båtane i land med kran, slik at dei ikkje skulle bli knust mot brygga.

geita3

Dei ordna seg til og med eit slags skinnesystem for å få båtane trygt i hus.

geita4

Nedi bergsprekkane har nokon, truleg kona i fyrvoktaren i rein desperasjon over å berre ete torsk og sei kvar dag, planta ripsbusker og frukttre i le for vinden.

geita6

Endeleg oppe på fyret viser det seg at vi ikkje er aleine. Ein gjeng med austlendingar, av alle ting, har slått seg ned på øya for å ete lunsj. Som vestlending føler eg meg litt snytt: første gang eg går i land har austlendingane komt meg i forkjøpet.

geita7

Viss ein har lyst, kan ein til og med overnatte på fyret. Info finn ein her. Vi kikka litt inn vindauga, og standarden ser ut til å vere enkel. Men for slike som Sivert, som drøymer om ein aude stad i storm på jord, må vel dette vere plassen. Kanskje kan ein til og med prute litt på prisen utanfor sesong.

geita8

Utsikta er det i alle fall ingenting å utsette på.

geita5

Men eg trur vi skal vere glade for at solcelleteknologien har kome så langt at folk slepp å bu slike stader lenger. Eg trur det er temmeleg einsamt her om vinteren.

Verdas beste skulehus

søndag, juli 12th, 2009

lars1

lars4

lars6

lars9

lars3

lars8

lars7

lars5

lars12

lars2

lars11

I går kveld var vi på fantastisk middag i det gamle skulehuset til Lars, som han fekk kjøpt for 25 000 (!) for nokre år sidan. No pendlar han mellom Hersvika, London og Milano. Han har fått det heilt villt fint. Eg klør i fingrane etter å engasjere Stine eller Dagrun til å fotografere interiørreportasje, men Lars har takka høfleg nei opptil fleire gongar.

Verkstedsrestaurering

søndag, juli 12th, 2009

verksted2

Kva driv Niko med? Jo, han og Arild har rett og slett jekka opp eit hus. Det gamle verkstedet til Reidun og Arild på Færøy står plassert på ein råtten bjelke, og for å erstatte det med ein ny bjelke, måtte heile verkstedet jekkast opp. Handy gjeng.

verksted3

Her er nederste delen av veggen på verkstedet kutta rett av. Bjelken er den råtne planken som ligg lengst fram, lengst ned.

Sjølv har eg rive ein vegg. Kjekt. Dessutan har eg og Aksel gjort eit forsøk på å rydde hemsen på verkstedet. Det blei sjåande slik ut:

verksted1

Marstrand-arkitektur

fredag, juni 5th, 2009

Hotelldraum

tirsdag, juni 2nd, 2009

Sidan huset i Balestrand ikkje blei noko av, har eg no funne noko enda meir uoppnåeleg å drøyme om. I Marstrand i helga kom eg og Ingeborg over dette forlatte hotellet ved strandkanten. Eg har prøvd å finne salsoppgåva på nettet, men finn ikkje noko. Ein svensk designer blogga imidlertid om det samme hotellet i fjor, og skreiv at lokalbefolkninga i Marstrand gjerne vil beholde og pusse opp bygget, mens eigaren vil rive det og bygge eit moderne glassbygg der i staden. Synd og trist. Det kvite flygelet står jo klart til å spele opp i festsalen!