Posts Tagged ‘inne’

Vår nye leiligheit – skrytefotos

søndag, august 1st, 2010

Her kjem rett og slett ein fotogjennomgang av leiligheita i Maridalsveien. Vi startar med stua, der vi har kjøpt vår første sofa, og føler oss rett så etablerte med det. Sofaen får selskap av vår finske design-kuppstol frå loppemarked – tidlegare blogga om her, ikledd eit fantastisk saueskinn frå Flekke. Den luxo-aktige lampa i vinduskarmen er også kjøpt på loppemarked, det samme er vårt veldig fine flyfoto av Oslo som heng over sofaen:

Bildet blei mitt for 80 kr, og eg måtte ringe Nikolai og vekke han og lokke med sjokoladekake og kaffi for å få han til å komme med t-bana og hjelpe meg å bære det heim. Svein Olav har påpeikt at den rette termen for bildet er “foto tatt frå fly”, og ikkje “flyfoto”. Visstnok skal flyfoto vere i rett målestokk osv. Det er uansett kjekt å sitte og sjå på bildet og oppdage stadig nye detaljar, f.eks at det blir bygd ein oljeplattform ved verkstedet der Aker Brygge ligg i dag.

Bordet frå Besta kan trekkast ut med ei bordplate i midten, og skal huse middagsselskap når hausten kjem. Over det heng lampa frå garnhengja på Færøy, med ny innmat, stoffkledd ledning og eit par lag billakk. Rundt bordet står kvitmåla trestolar som er ei god blanding av arv og innkjøp frå brukthallen på Sinsen.

Dessutan har eg fått meg lesehjørne, der ei Luxo-lampe sørgar for lyset over vår omtrukne loppemarkedstol framfor fargekoda bok-rader.

Då vi var på visning tenkte eg: “Dei brune flisene i vinduet skal iallefall vekk”. Men med tida, og med kvitmalte vinduskarmar, synst eg flisene er veldig fine. Når alt anna har blitt kvitt, framstår dei nesten som ein skulptur i rommet. Så flisene har fått bli.

Vidare til kjøkkenet, med ny, høgglansa kvit kjøkkeninnredning og vår enormt tunge benkeplate i heiltre. Når pappa kjem på besøk om to veker skal han hjelpe oss å legge fliser over benken, og då er kjøkkenet heilt ferdig.

Bordet på kjøkkenet er furubordet frå Ikea som vi malte kvitt og brukte som stuebord på Torshov. Det har fått selskap av fire, fine eikestolar frå Besta, som vi har gitt nytt, mørkegrått vadmelstrekk:

Trekket er kjøpt inn frå Rainbow Fashion-stoffbutikken på Grønland, som forøvrig anbefalast varmt.

Eg: – Det stoffet her (bukserar med stor tung stoffrull), trur du det passer til å trekke om setet på kjøkkenstolar?

Mannen i butikken: – Ja, det stoff passer veldig bra. Det er veldig god kvalitet. Det heter… vladim, valdim… valdmin…

Eg: Vadmel?

Han: Ja! Vadmel! Veldig vanskelig ord!

I gangen heng kvite oksar frå Designtorget og tjener som knaggar.

Der står også vår veldig fine, heimesnekra skohylle, som vi bygde av eit gammalt Ikea-skap for å passe inn i den lange, smale gangen på Torshov. Heldigvis passar hylla like fint i Maridalsveien.

Soverommet har vi delt i to med ein vegg på midten, slik at vi får gjesterom og kontor avskilt i eit anna rom. Kven treng uansett eit 21 kvadratmeter stort soverom? Vi er veldig nøgde med vårt nye soverom, med kvitmalte tregolv, og med vår nye, kjempefine trevegg:

Veggen har Nikolai bygd – flink mann – og eg har beisa den med tre strøk drivved-interiørbeis. Veggen står veldig fint i kontrast til linkjolen eg kjøpte i St.Petersburg.

Skapa dei forrige eigarane satte igjen har fått nye, høgglansa kvite skapdører, og etter litt sageverksemd bak det eine skapet passar dei akkurat inn i bredda på enden av rommet.

Over senga har vi fått låne eit bilete som Arild har teikna. Det hang ei stund på rommet vi søv på på Færøy, og då eg hørte at det var sendt til utstilling i Førde, tenkte eg at eg skulle sagt kor fint eg synst det var før. Når eg nevnte det i sommar, sa Arild berre: “dra inn på Kunstnarsenteret og hent det, dere. ” Så det gjorde vi.

På nattbordet mitt ligg ei lita samling avlange, avrunda steinskattar som eg har plukka med meg når eg har vore ute på tur.

Om ettermiddagen og kvelden skin sola gjennom heile leiligheita frå soverommet og kjøkkenet og lagar fint lys på det kvitmalte tregolvet.

I det som før var den innerste delen av soverommet, har vi no fått gjesteseng og kontor. Gjestesenga (som er fantastisk til ein liten ettermiddagslur) kan trekkast ut til å bli dobbelseng. Smart!

Oppå kommoden tronar ei lampe eg kjøpte på loppemarked i vår, sammen med fleire bilder som venter på å få tildelt veggplass.

Kontordelen av det gamle soverommet synst eg at har blitt veldig fin. Her står teakbordet vi kjøpte på loppemarked tidlegare i år – omblogga her – saman med ein trestol eg har arva og malt kvit, med ein skikkeleg klassiskar av ei Luxo-lampe til leselys, eit foto eg har tatt av Nikolai som pynt, og ei fletta papirkorg – av gamle telefonkatalogar, frå Muji. I hjørnet tronar ein annan klassikar, Les Paul-gitaren.

Her er det så fint at det er kjekt å vakne om morgonen!

Enda meir oppussing

lørdag, juni 5th, 2010

I går fekk vi mesteparten av kjøkkenet i hus, platpakka som sådan. Sivert troppa trufast opp for både golvmaling og drillhandtering. Ein flink mann!

Dugnadshelg

søndag, mai 30th, 2010

Tusen takk for fantastisk hjelp i helga!

No er vi klare for pussemaskin og golvsliping i morra!

Hurra for tregolvet!

søndag, mai 2nd, 2010

Vi har tatt over leiligheit i helga, og starta søndagen friskt med oppussingsoppkledning og verktøy i Maridalsveien. Sjå på vår fine utsikt frå stua!

Målet for dagen har vore å finne ut om det verkeleg finst eit gammalt tregolv under klikkparkett og linolium, sidan ingen har kunne fortelle oss heilt sikkert om det er tilfelle. Det var derfor ganske nervepirrande å begynne å lette på parketten på soverommet, og finne ei tjukk papp-plate under. Men då vi endeleg fekk laga oss hol igjennom den tjukke pappen, kunne vi med stor glede konstatere at det finst eit tregolv der. Og tregolvet var også kjempefint, utan store sprekkar mellom borda.

Papp-platene var riktignok godt fastspikra over heile golvet, så ein del spikerhol blei det. Men med nokre omgangar med pussemaskin kan dette bli kjempebra! Vi klarte sjølvsagt ikkje å nøye oss med berre å lette litt på nokre bord, men sette like godt i gang med å bryte søndagsfreden i Maridalsveien og bryte opp resten av soveromsgolvet.

Vår nye nabo Frode stakk innom med kaffi og bollar, og passa på å skryte veldig av leiligheita. Vi er sjølvsagt einig i at den er knallfin, eller at den iallefall kjem til å bli det etterkvart.

Etter kaffipausen ville Frode veldig gjerne vere med å bryte litt golv. Når ein ellers sit og funderer over akademiske spørsmål heile dagen er det veldig forfriskande å jobbe med hammar og spiker. I løpet av tre kvarter var all gammal papp fjerna, og tregolvet på soverommet igjen eksponert for dagslys etter kven veit kor mange år under linolium og klikkparkett.

No gjenstår det å sjå om også dei andre romma skjuler tregolv under golvbelegget. Vi satsar på det!

Farvel samling

torsdag, april 22nd, 2010

Etter langt om lenge har eg kome til det punktet der eg innser at eg faktisk ikkje høyrer noko særleg på cd-ar lenger. Det er ikkje enkelt å innrømme, men mp3-ar og Spotify har tatt over for dei plastinnpakka musikkplatene. Vi har hatt husråd om vi skal ha cd-ane framme i den nye leiligheita eller ikkje, og bestemt oss for eit kompromiss: Alle plater vi har to av skal vi luke vekk eit eksemplar av, alle brenne-cd-ar skal vekk, alle tomme cover forsvinn og alt vi ikkje lenger høyrer på (for eksempel alle bluesplatene Nikolai kjøpte på bensinstasjonen som 12-åring då han skulle bli flink på bass) går ut.

Resultatet: Bunkevis med cd-ar i boss. Mesteparten har vi ikkje høyrd på sidan ungdomsskulen, nokon av oss. Og ein god del er tomme cover – eit resultat av den fullstappa cd-mappa eg gløymde igjen på bussen frå Lillehammer for nokre år sidan. Dessutan er mykje så gjennomripa at det ikkje kan spelast utan omfattande hakking. Eg fann til og med ei gammal Junior Senior-plate med sprekk tvers igjennom: Dansa i hjel på ein fest, kom eg på. Festplata har gjort si nytte, med andre ord.

Likevel er det vanskeleg å kaste. På eit tidspunkt betydde cd-samling så mykje for meg at det einaste eg tenkte på under kjipe deltidsjobbar var kor mange plater eg kunne kjøpe for pengane eg tjente.

Ingen av dei gode minnene har gått i boss. Å kaste gammal grunge er heilt uaktuelt. Men likevel – på eit tidspunkt var mengden cd-ar det som telte. Ikkje nødvendigvis innhaldet. Slik er det ikkje lenger. Heldigvis, kanskje.

Lampedans

mandag, april 12th, 2010

Hanne Marte var lur på lørdag, og nytta sjansen til å få lagt lampeledning i skinner i taket medan ho hadde høge folk på besøk.

Med skyggane frå lysekrona såg ledningsmonteringa nesten ut som ein dans.

Vinterpalasset

søndag, april 11th, 2010

Gull, glitter, brokade og meir gull. Etter besøket i den gamle tsar-boligen fekk vi mange gode idear og innreiingstips til vår nye leiligheit. Fløyelstapet, feks?

Eller ein smaragd på dørhandtaket?

Eller ta ein kikk opp, som Nikolai…

… og finn slike dekorasjonar i taket:

Eg meiner heilt klart at vi dessutan bør få oss lysekroner, både i krystall og gull. Skal vi ta etter tsaren, må vi minst ha fem-seks stykk i kvart rom. Og kvar og ein av dei bør vere minst 2-3 meter lange, og eit par meter i diameter.

Konklusjon: vi har kjøpt oss for lita leiligheit.

Og tsaren hadde hakket meir ekstravagant livsstil enn oss.

Lørdag

søndag, mars 21st, 2010

Påskeliljer, Dagsavisen til frukost, brødbaking på kjøkkenet og vin til lunsj. Fin lørdag.

Søndagsfavorittar

søndag, februar 21st, 2010

Sydag / Appelsinjuicedag

lørdag, januar 9th, 2010

sy1

sy4

sy3

sy5

sy2

Lørdag har vore kombinert sydag og dag for å prøve å knekke ein gryande forkjølelse med c-vitaminsjokk gjennom heimelaga appelsinjuice og store mengder kiwi. Det har funka før, så eg håpar det slår til no også. Dessutan har eg tatt eit gammalt tips frå Ida om kvar ein finn billig ullundertøy ala Sparkjøp i Oslo, og hatt min første tur på Bogerud. Minus: dei fleste tinga dei hadde inne var i størrelse 48 og oppover (!). Pluss: billig og stort utvalg ullundertøy. Eg fann til slutt nokre kvite og svarte  ulltoppar og ullsingletar, så no skal det bli varmt i heimen. Det blir det også av veden som vi til slutt fekk tak i hos vår lokale ved-mann på Torshov, etter å ha blitt kjørt rundt til Plantasjen og Maxbo av Endre i dag tidleg. Medan kjedebutikkane ikkje hadde ein einaste vedsekk igjen i sentrumsnære Oslo, viste det seg at vår faste vedleverandør driv ein liten hemmeleg handel til trufaste kundar. På døra står eit skilt med “Tomt for ved”, men inne i skuret sitt har han framleis nokre sekkar som han distribuerer langsomt ut. Vi prøvde å få kjøpt så mange som mogleg, men blei stoppa ved den tredje sekken. Ein sympatisk mann: I staden for å selge ut rubbel og bit til første storhamstrande, bilkøyrande mann som kjem forbi, set han eigentleg eit tak ved to sekkar på kvar, slik at dei gamle damene også skal få med seg sin sekk heim frå han. Utypisk kjøpmann.