Posts Tagged ‘jobb’
Kanefart gjennom Losbyskogen
torsdag, februar 4th, 2010





På jobbsamling med forlaget reiste vi på kanefart i 20 minus gjennom skogen, og stoppa ved eit islagt vatn til bål og rødvinsgløgg. Og etterpå? Forseinka julebord på Losby Gods. Kjekk jobb!
Kvardagsluksus
søndag, desember 6th, 2009


På jobbsamling på Geilo dukka plutseleg Frode Aga opp heime hos Gro på kvelden, med kassar av mat som han tilbredte på kjøkkenet. Godt! Om eg nokon gong skulle slumpe til og bli rik, skal eg jammen ansette ein kokk. Men først blir det svømmebasseng. Eller i alle fall eit badekar.
Fotofornøgd
onsdag, oktober 21st, 2009
Å ta forfatterfoto er ikkje alltid like enkelt. Best å ha med fotograf. Men rimeleg fornøgd med resultata av fotoforsøka med Endre Lund Eriksen (over) og danske Lars Husum (under) som eg intervjua for ei stund sidan. Litt sjølvskryt, rett og slett.

Frynsegode
mandag, september 28th, 2009
Visse fordelar har ein når ein jobbar i bokbransjen. Feks gratis bøker. Feks Kjell Askildsens samla utgåver. Eigentleg skulle eg gjere eit intervju med Askildsen mot å få bøkene, men då intervjuplanane gjekk i fisk, fekk eg sjarmert meg til å ta med meg bøkene heim likevel. No skal eg derimot gjere eit intervju med Herbjørg Wassmo, og må truleg bruke det meste av ledig kveldstid fram til mandag på å lese hennar murstein av ei slektskrønike.
Rocknroll tar döden på Nikolai
tirsdag, september 1st, 2009
Ein sliten mann jobbar døgnet rundt på teatret for tida. Når han kjem heim, seier han: “Kan vi ikkje gå og legge oss?”
På den positive sida:

Når katten roter rundt i buksene til Hank von Helvete aka Jesus, et musa sushi. Grei ordning, det.










