
Jula feirast på Færøy. Det er første gang eg har sett snø på øya, og det er fint!

Eg, Aksel og Nikolai har lånt Molo, og basa gjennom snøen til Selvika. Molo er jammen blitt ein enorm hund. Og veldig snill. Men han vil gjerne leie på tur, ved å putte heile handa di inn i munnen og gå og halde på den. Ein litt underleg skikk han har lagt seg til. Ikkje noko for dei som er redd for hundar.

Vi prøver isen på Ola-tjønna. Den holdt.

Jula feirast best utan sminke. Men ikkje like fotogent.

Pelstryne/snøtryne.

Framme på Selvika må vi sjølvsagt skrive oss inn i boka i syltetøyglasset. Ver, klokkeslett og vindretning må nøye nedteiknast. Aksel sjekkar klokka. Her blir det riktig på minuttet.