Posts Tagged ‘mat’

Søndag

søndag, februar 28th, 2010

Aktiv kultursøndag med både Bjarne Melgaard-utstilling og ein tur innom Samtidskunstmuseet. Etterpå dagen-derpå-lunsj på Skansen, med ommelett og bacon. Nikolai må ha melk til.

Lørdag formiddag på Halvorsens Conditori

søndag, februar 21st, 2010

For ein gong skuld: skikkelige kaker og damer med blått hår. Conditori med c kan vanskeleg slå feil ein lørdags formiddag.

Kvardagsluksus

søndag, desember 6th, 2009

middag1

middag2

middag3

På jobbsamling på Geilo dukka plutseleg Frode Aga opp heime hos Gro på kvelden, med kassar av mat som han tilbredte på kjøkkenet. Godt! Om eg nokon gong skulle slumpe til og bli rik, skal eg jammen ansette ein kokk. Men først blir det svømmebasseng. Eller i alle fall eit badekar.

Rocknroll tar döden på Nikolai

tirsdag, september 1st, 2009

sliten-mann

Ein sliten mann jobbar døgnet rundt på teatret for tida. Når han kjem heim, seier han: “Kan vi ikkje gå og legge oss?”

På den positive sida:

sushi

Når katten roter rundt i buksene til Hank von Helvete aka Jesus, et musa sushi. Grei ordning, det.

Hyttetur med svenskevarer

fredag, juni 5th, 2009

Lunsj

fredag, juni 5th, 2009

Mann/kvinne

søndag, november 30th, 2008

“Ka?”, sa Nikolai då eg kommenterte måten han skreller klementiner på.

“Eg har alltid skrelt klementinene på den måten. Gjer ikkje du det sånn?”

Laurdagsgraut i lånt hytte

lørdag, oktober 18th, 2008

Onkel Odd Magne skal selge oldemor og oldefar si gamle hytte i Bærumsmarka, så i dag tok familiane Grane og Imsgard turen opp i skogen på ei høgst utradisjonell visning, med grautlaging på primus og sukker i plastpose. Planen var å ete på verandaen, men då det begynte å regne, trakk vi innandørs med iskalde føtter og åt graut og eplekake med hue på hodet.