Posts Tagged ‘musikk’

Musikkfest i Oslo – for ein herlig dag

søndag, juni 6th, 2010

Korpsmorgon

søndag, mai 2nd, 2010

1.mai blei vi som vanleg vekt av korpset som tura gatelangs og spelte Internasjonalen så det ljoma mellom veggane. Eg hang som vanleg ut av vinduet og hoia entusiastisk, imens Nikolai og dei fleste naobane låg med puta over hodet i sengene sine og sukka.

Ragnhild!

søndag, mai 2nd, 2010

Kvelden før 1.mai blei tilbragt på Barrat Due på konsert med Ragnhild, som var både rørande og morsom og ikkje minst imponerande flink med celloen. Etterpå blei det utvida familieslaberas i hagestua med heimebakst frå Bjørg imens skumringa senka seg over regnkvelden på Fagerborg. Fin kveld!

Grisen står og hyler, russisk versjon

søndag, april 11th, 2010

Ein fin vårkveld har ein gjeng russiske ungdommar klatra opp på eit tak i nabolaget for å nyte siste rest av kveldssola. Vi sit i vinduskarmen på hotellrommet og spionerar på dei. Nikolai meiner det er den russiske broren til Odd Nordstoga med gjengen sin som sit der. Ifølgje Nikolai heiter han Vladimir Norsoga, og no sit han og gjengen og syng “Grisen står og hyler” på russisk.

Her syng Nikolai den russiske versjonen om du og eg som sit på taket og pratar skit:

Eg trur han bør melde seg på Melodi Grand Prix i Russland. Ein hit!

Anton Ruud and the Wrong Way Home

lørdag, mars 27th, 2010

Som vanleg var det fantastisk stemning når det gjennomtatoverte timannsorkesteret til Nils inviterte til konsert på John Dee. På tide med større scener, kanskje. Det ser litt trangt ut. Fjorårets Rockefeller-konsert bør heilt klart få ei snarleg gjentaking.

Maris masterkonsert

tirsdag, februar 16th, 2010

Flinke Mari!

Julekonsert på Kampen

søndag, desember 6th, 2009

julekonsert7

julekonsert2

julekonsert9

julekonsert1

julekonsert8

julekonsert4

julekonsert3

julekonsert5

julekonsert6

Dette må bli tradisjon. Neste gang med nabovarsel. “Grunna konsert vil det bli eindel julestøy i kveld. Ta gjerne med røykelse og myrra og stikk oppom ein tur viss julesongane blir for voldsomme. Allsang påkrevd. Helsing Ingvill og Nils i 5.etg.”

Musikkmiddag

lørdag, oktober 31st, 2009

musikk2

musikk1-1

musikk3

Middag hos Kari Marte endte opp med musikk i stova. For ein kvalmande musikalsk gjeng.

Hei Rhodes

søndag, oktober 11th, 2009

rhodes7

rhodes3

rhodes6

rhodes4

rhodes1

rhodes2

Vi har blitt fosterheim for teateret sitt Fender Rhodes-piano frå 1974, som lenge har stått og støva ned i teaterkjellaren. Etter iherdige forsøk på å skrape av gamle klistremerke med plasterfjernar og etter at Nikolai har brukt dagen å å stemme det, lyder det fantastisk fint. Sidan pianoet opprinneleg blei laga for at det skulle vere lett å frakte med seg på turné, framstår det som noko av eit mysterium at det er bygd i massivt kryssfiner, og at det dermed er temmeleg tungt. Men fint. Eg gler meg til jul og julesangar med 70-tallsklang.

Fløytefjes

torsdag, september 17th, 2009

flaytefjes