Og bær er også til for å plukkast
fredag, juli 31st, 2009


I dag har eg plukka blåbær i hagen til lunsj.


I Naustdal er det, mot alle odds, like fint vær som i Oslo. Innimellom jobbing sit eg på verandaen i sola og luktar på lavendel.
Fest-meistrane Ingvill og Nils hadde laga hendingsquiz frå året som har gått, med ein overvekt spørsmål innan kultur og den fine sjangeren “frå Firda”. Idunn viste imponerande stor kunnskap innan sistnemnde sjanger, trass i at ho har tilbragt dei siste ni månadane i Bangladesh, og strengt tatt ikkje skulle vite kva tid vinnaren av “Kletten opp” brukte frå sentrum og opp til tv2-masta. Det er mogleg ho ikkje har vore i Bangladesh i det heile tatt, men derimot jobba ni månader som ekstrahjelp på Rangvallen.
I går kveld annonserte Ingvill høglytt at det var laget Michael Jackson som vann, men etter å ha sett litt betre etter i papira i dag, må vi her rette at ho ikkje hadde sett baksida på arket til Dagrun, Kamilla og Greg, og at førsteplassen dermed er delt mellom Michael Jackson og deira lag.