Posts Tagged ‘oppussing’

1-2-3 ny lampe

fredag, juli 23rd, 2010

På Færøy fann eg denne lampa nedstøva på golvet i det gamle atelieret til Reidun og Arild, som no er i ferd med å pussast opp. Lampa har i sitt tidligare liv fungert som arbeidslys på garnhengja ved sjøen, og hadde ei gigantisk 500-wattspære innstallert. Eg visste ikkje eingong at det fantes 500-wattspærer.

Eg spurte pent om å få den, og fekk raskt klarsignal mens Arild trakk på skuldrane og spurte kva i all verda vi skulle med den. “Ha den over bordet til besta”, sa eg, og han berre lo.

Men no har vi vaska den ned, kobla frå gamle ledningar og støpsel, og i forrige veke hang vi den ut i bakgården for nokre omgangar med kvit billakk.

Og lampa blei knallfin. Vi har ingen ferdig-fotos å vise enda, men dei kjem snart. Med ny stoffledning heng den og gjer stas på bordet til besta.

Enda meir oppussing

lørdag, juni 5th, 2010

I går fekk vi mesteparten av kjøkkenet i hus, platpakka som sådan. Sivert troppa trufast opp for både golvmaling og drillhandtering. Ein flink mann!

Dugnadshelg

søndag, mai 30th, 2010

Tusen takk for fantastisk hjelp i helga!

No er vi klare for pussemaskin og golvsliping i morra!

Frå nedpussing til oppussing

søndag, mai 23rd, 2010

I helga har vi endeleg kome så langt i leiligheita på Ila at eg har begynt å sjå at det kjem til å bli fint. I dag var siste rest av papp og lim fjerna fra golvet i gangen, og alle rom er dermed offisielt klare for pussemaskina. Uheldigvis er vår lokale malebutikk si pussemaskin utleigd til nokon andre akkurat no, så vi får smøre oss med tolmod. Imens pussar og sparklar vi på soverommet, og første runde heilsparkling er no klar. Så gjenstår kun ei runde til med heilsparkling, påfølgande nedpussing og deretter grunning og eit par strøk med maling. Og deretter vidare til neste rom. Puh.

Hemmeleg og hemmeleg, fru kunsthistorikar

torsdag, mai 20th, 2010

Til frukost i dag kosa eg meg med OBOS-bladet, som vi som nyslåtte OBOS-medlemmar mottar ikkje mindre enn to eksemplar av. Og der, på side 21, fann eg bygården vår på Ila i reportasjen “Hemmelige perler i OBOS-land”. Kunsthistorikar Anne-Kristine Kronborg har blitt bedt om å komme med tre tips til arkitektoniske perler blant OBOS-bygga, og på topp kjem Maridalsveien 64.

Tidlig funksjonalisme i indre by

- Maridalsveien 64 er borettslaget for den som søker det urbane livet i indre by. OBOS-bygget fra 1930-tallet er blant mine favoritter, forteller Anne-Kristine Kronborg.

- Bygget er vakkert og bunnsolid i håndbanket, rød tegl. Gårdsrommet er parkmessig og toromsleilighetene er ganske store. Man får både et skikkelig kjøkken i et eget rom, en stue og et nesten like stort soverom. Blokka har stor fasadelengde, store vinduer og mye lys, sier hun.”

(Akkurat no pirkar vi restar av papp og lim frå tregolvet i gangen, etter at tidlegare generasjonar likegodt har limt fast linolium og korkgolv. Det ser ikkje så veldig ut som ei perle der for tida, men det skal bli fint. Og etter at vi drog på boss-plassen med mange av dei gamle golvrestane i dag, har det blitt riktig så romslig der, også.)

Hurra for tregolvet!

søndag, mai 2nd, 2010

Vi har tatt over leiligheit i helga, og starta søndagen friskt med oppussingsoppkledning og verktøy i Maridalsveien. Sjå på vår fine utsikt frå stua!

Målet for dagen har vore å finne ut om det verkeleg finst eit gammalt tregolv under klikkparkett og linolium, sidan ingen har kunne fortelle oss heilt sikkert om det er tilfelle. Det var derfor ganske nervepirrande å begynne å lette på parketten på soverommet, og finne ei tjukk papp-plate under. Men då vi endeleg fekk laga oss hol igjennom den tjukke pappen, kunne vi med stor glede konstatere at det finst eit tregolv der. Og tregolvet var også kjempefint, utan store sprekkar mellom borda.

Papp-platene var riktignok godt fastspikra over heile golvet, så ein del spikerhol blei det. Men med nokre omgangar med pussemaskin kan dette bli kjempebra! Vi klarte sjølvsagt ikkje å nøye oss med berre å lette litt på nokre bord, men sette like godt i gang med å bryte søndagsfreden i Maridalsveien og bryte opp resten av soveromsgolvet.

Vår nye nabo Frode stakk innom med kaffi og bollar, og passa på å skryte veldig av leiligheita. Vi er sjølvsagt einig i at den er knallfin, eller at den iallefall kjem til å bli det etterkvart.

Etter kaffipausen ville Frode veldig gjerne vere med å bryte litt golv. Når ein ellers sit og funderer over akademiske spørsmål heile dagen er det veldig forfriskande å jobbe med hammar og spiker. I løpet av tre kvarter var all gammal papp fjerna, og tregolvet på soverommet igjen eksponert for dagslys etter kven veit kor mange år under linolium og klikkparkett.

No gjenstår det å sjå om også dei andre romma skjuler tregolv under golvbelegget. Vi satsar på det!