Posts Tagged ‘reise’

Utfluktssøndag

søndag, august 22nd, 2010

Snart kjem Arild og henter bilen vi har hatt på Oslo-lån i sommar, og derfor bestemte vi oss for å reise på god, gammaldags biltur i dag. Vi plukka opp Sara på Tøyen og sette kursen mot sol, sommar og Vestfold.

Ved Sande tok vi av frå E18 og køyrde gamlevegen langs fjorden mens vi kom med begeistra utrop som “Åh, sjå her dyrkar dei gresskar!” og “Sjå på det drivhuset” og “Nei, her var det fint!”

Framme ved første stopp, Karljohansvern i Horten, drakk vi kaffi og åt vaflar med dei eldre på lokalhistorisk kafe, og vandra rundt i det gamle militærområdet.

Vi forelska oss i desse husa.

Dessutan hadde dei veldig fine strender like bortanfor Karljohansvern. Her kunne vi godt ha budd (om det låg litt nærmare Oslo).

Så sette vi oss i bilen igjen og køyrde gjennom Tønsberg og over Nøtterøy og deretter over Tjøme heilt ut til Verdens ende.

Her er det fantastisk fint!

Og veldig sterk vind:

Veldig hyggelig tur. Hadde vi hatt bil skulle vi reist på slike turar heile tida. (Trur eg. Om vi faktisk hadde gjort det, er ei anna sak…)

Velkommen, Sølvsuper!

fredag, juli 23rd, 2010

Nikolai arva farmora sin gamle Tandberg Sølvsuper (“Spilledåsen”, som ho skal ha kalt den) for lenge sidan, men dei siste åra har det fantastiske musikkmøbelet stått og samla støv bak sofaen innerst på hemsen på Færøy. Med ny leilighet får også Sølvsuperen eit nytt liv. Det gjenstår berre å frakte monstermøbelet frå Færøy til Oslo.

Det er ikkje første gang det ein gong så fasjonable 60-talls musikkkabinettet har vore på tur. Ifølge Nikolai har det iallfall reist desse strekningane:

Porsgrunn – Notodden

Notodden – Bergen

Bergen – Færøy

Færøy – Førde

Førde – Dale

Dale – Færøy

Og nå altså Færøy – Oslo.

I Dale stod det og trona innerst i den enorme stua på kunstnarsenteret. Saman med eit slagverk og Nikolai og Aksel sin heimesnekra, enorme gitarforsterkar, ispedd litt rundtomkringliggande gitarar på golvet, gjorde den stua til noko av ein konsertarena.

Alt som skal frå huset til kaia på Færøy må i traktor (berre omtala som “Isekien”).

Så humpar Sølvsuperen avgarde til sjøen.

Der lånte vi lettbåten “Hjalmar” og tøffa i sakte fart til Hersvika. Det gjekk så seint at eg rakk å bli solbrendt før vi var framme. På Hersvikkaia måtte vi buksere Sølvsuperen opp frå båten, opp ei trapp til kaia og deretter inn i bilen. Det gjekk, med nød og neppe. No står den i stua vår i Maridalsveien, og skal snart bli så god som ny. Radioen og platespelaren funkar, og i tillegg skal lydteknikaren Nikolai kamuflere vår nye Bose-stereo inn i den gamle kroppen, slik at vi kan bruke den som eit fullt fungerande musikkanlegg – ikkje berre som pynt. Når han er ferdig blir det fest.

Så kom regnet

tirsdag, juli 6th, 2010

Som vanleg er regnet aldri langt unna på vestlandsferie. Vi tok på oss regnhabitt og gjekk ut for å lufte oss og sjå på ekspressbåten frå Bergen som suser forbi.

(og eg fann meg ei privat kai).

Å vestland, vestland

tirsdag, juli 6th, 2010

På vei mot Naustdal, med lydbok på bilstereo og stadige forbikøyringar medan gode gamle Toyotaen sneglar seg oppover bakkane. Ein god bil.

St. Petersburg gatelangs

søndag, april 11th, 2010

Cabaret!

søndag, april 11th, 2010

Vi skulle berre ut og ete middag, og fann fram til ein restaurant som skulle vere hyggeleg. Det var den også. Heilt til det viste seg at vi fekk ein cabaret-forestilling med i middagsprisen. Vi drakk vårt sibirske øl, åt våre sibirske dumplings og prøvde å halde latteren i sjakk medan den eine hjerteskjærande framføringa avløyste den andre.

Mest underhaldande var to venepar på nabobordet der mennene verkeleg hadde gledd seg, og klappa vilt i utakt med både kvarandre og musikken medan dei rugga på hovdet i rein nytelse. Fantastisk!

Nikolai gremma seg sjølvsagt over plassering av lydsender midt på ryggen, og rista på hodet og gjømte seg i ølen sin. Ein forutsigbar mann. Her skjerpar han seg for å bli tatt bilde av.

Dei kan meir enn straffarbeid

søndag, april 11th, 2010

Dei kan også lage godt øl i Sibir. Kven skulle tru?

St. Petersburg engrish

søndag, april 11th, 2010

Ekstravagant middag på Caviarbar

søndag, april 11th, 2010

Med upåklageleg utsikt til Isakskatedralen. Det blei ikkje kaviar på oss. Heller ikkje vodka. Dårlige turistar, spør du meg.

Etter at noko gjekk lost in translation med kelneren endte vi med fire gin+tonic i staden for to. Som gode nordmenn drakk vi opp alt og sjangla glade og nøgde heim.

Vinterpalasset

søndag, april 11th, 2010

Gull, glitter, brokade og meir gull. Etter besøket i den gamle tsar-boligen fekk vi mange gode idear og innreiingstips til vår nye leiligheit. Fløyelstapet, feks?

Eller ein smaragd på dørhandtaket?

Eller ta ein kikk opp, som Nikolai…

… og finn slike dekorasjonar i taket:

Eg meiner heilt klart at vi dessutan bør få oss lysekroner, både i krystall og gull. Skal vi ta etter tsaren, må vi minst ha fem-seks stykk i kvart rom. Og kvar og ein av dei bør vere minst 2-3 meter lange, og eit par meter i diameter.

Konklusjon: vi har kjøpt oss for lita leiligheit.

Og tsaren hadde hakket meir ekstravagant livsstil enn oss.