Posts Tagged ‘sommar’

Utfluktssøndag

søndag, august 22nd, 2010

Snart kjem Arild og henter bilen vi har hatt på Oslo-lån i sommar, og derfor bestemte vi oss for å reise på god, gammaldags biltur i dag. Vi plukka opp Sara på Tøyen og sette kursen mot sol, sommar og Vestfold.

Ved Sande tok vi av frå E18 og køyrde gamlevegen langs fjorden mens vi kom med begeistra utrop som “Åh, sjå her dyrkar dei gresskar!” og “Sjå på det drivhuset” og “Nei, her var det fint!”

Framme ved første stopp, Karljohansvern i Horten, drakk vi kaffi og åt vaflar med dei eldre på lokalhistorisk kafe, og vandra rundt i det gamle militærområdet.

Vi forelska oss i desse husa.

Dessutan hadde dei veldig fine strender like bortanfor Karljohansvern. Her kunne vi godt ha budd (om det låg litt nærmare Oslo).

Så sette vi oss i bilen igjen og køyrde gjennom Tønsberg og over Nøtterøy og deretter over Tjøme heilt ut til Verdens ende.

Her er det fantastisk fint!

Og veldig sterk vind:

Veldig hyggelig tur. Hadde vi hatt bil skulle vi reist på slike turar heile tida. (Trur eg. Om vi faktisk hadde gjort det, er ei anna sak…)

Ingeborg er uttrykksfull på kafe

søndag, august 22nd, 2010

“Du må gi mer fart, tante Ingvild! Mer fart!”

mandag, august 16th, 2010

På slutten av navnefesten sneik eg og Karoline og Nikolai oss avgarde for litt dissing og sandkasse-action. Fotogen niese!

Navnefest for Elisabeth

søndag, august 15th, 2010

Lollipopkveld på Sukkerbiten

søndag, august 15th, 2010

Endeleg sjøbad!

søndag, august 8th, 2010

For ein herlig søndag på Langøyene. Eg kom meg endeleg i sjøen, etter å ha hatt ein lang, badelaus sommar. Sara ser ut til å reklamere for kiosk-kaffien.

Og Ingvill og Nils tar seg ein dukkert. Og det er varmt i Oslofjorden no! (Uansett kva du seier, Frode). Eg håpar på finver og fleire dukkertar til veka!

Peer – du tek over handelsstanden!

søndag, august 8th, 2010

Då eg reiste opp til Gålå for å møte Nikolai som sommarjobbar på Peer Gynt som vanleg, traff vi på dette underlege opptoget på Vinstra. Kvart år har handelsstanden eit slags tog med skulekorps og det heile, der folk (som jobbar i butikkane?) kler seg ut som karakterar frå Peer Gynt og går rundt med plakatar med reklame for butikkane på Vinstra. Pussig.

Over ser vi Mor Åse, bak plakaten:

Mor Åse her kjem

så hoppende gla’

rett ifrå Hus og Hjem

ette’n handel så bra!

Og her ser vi bygdas svar på  dovregubbens dotter, Den Grønkledde:

Låk i kroppa,

men kjapp i huggu

nå tek’n mor si

på Motestuggu.

Ein liten gutt!

onsdag, juli 28th, 2010

For to veker sidan blei Sigurd og Agnete foreldre til vesle Mikal. I dag leigde derfor eg, Ingvill og Erlend ein leigebil og bila oss ned til vakre Åsgårdstrand der den nybakte familien held sommarfri.

Og her er det vesle nurket:

Utrulig stille og grei baby som stort sett heldt auga lukka og sov, trass i at alle ville halde og fotografere.

Her blir han foreviga av Erlend.

Heilt greit å vere nybakt liten familie med eiga strand og denne utsikta midt i Åsgårdstrand…

Idunn grillast ut av byen

onsdag, juli 28th, 2010

Så er Idunn tilbake i Bangladesh nok ein gong. Denne gongen for å bli henta på flyplassen av amerikansk-bengalske Stri. Eg gler meg jammen til å møte han!

Lørdag, og sommarnatta tek aldri slutt på Kampen

onsdag, juli 28th, 2010

Til slutt måtte Nils gå og legge seg for at vi skulle ta hintet og gå. Så då gjekk vi til Olympen istaden. Der varte sommarnatta enda litt lenger.

Verandaen til Ingvill og Nils på Kampen er fortsatt på mi topp ti-liste over fantastiske utsiktspunkt i Oslo.