Posts Tagged ‘vår’
17.mai på Færøy
mandag, mai 17th, 2010Nikolai starta nasjonaldagen med ein kornett-salutt ute på terrassen til lyden av barnetoget i Oslo på tv i bakgrunnen. Det hørtes litt meir ut som ein skadd elefant sitt siste rop på hjelp enn på ein salutt, men når ein ikkje kan stå og hoie entusiastisk på noko korps utanfor tidleg om morgonen, gjer forsåvidt litt kornetthyling nytten.
Etter frukost gjekk vi for å helse på våre nye kompisar – Søstrene Sau. Dei var som vanleg hjerteleg imøtekommande.
Til tross for at vi truleg var dei einaste to personane på øya i dag, sidan alle andre hadde reist til Hardbakke for å gå i tog, såg eg ingen grunn til å ikkje pynte seg på nasjonaldagen. I mangel på bunad blei det raudt-kvitt-og-blått-påkledning i staden for. Litt vanskeleg å gå med høge hælar på grusveg, oppdaga eg raskt, men vi spaserte likevel (i sakte tempo, som seg hør og bør ein slik dag) den lengste vegen som er på øya fram og tilbake, dvs sånn omtrent 800 m inn til Vassdalen, og sånn omtrent 800 m tilbake.
Etterpå lånte vi Dagmar sin båt Knisen, mot å ause ut alt styrtregnet frå i går, og så rodde vi. Ikkje til fiskeskjær, men iallefall til fyret.

Flink å ro er han også!

Eg er igjen uklanderleg antrukke for anledningen.
Martha konfirmant
fredag, mai 14th, 2010Martha hadde konfirmasjon forrige helg, og i dag har vi vore rundt på fotoshoot på Færøy for å sikre motiv til takkekort. Eg synst ho oppførte seg eksemplarisk som fotomodell, og ho har sikkert skikkelig vondt i smilemusiklane i kveld.
Til veka skal forøvrig Martha møte både Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete når dei kjem på rundreise langs kysten. Foreløpig plan er visstnok at ministerfølget kjem i båt og plukkar opp Martha frå kaia heime på Færøy, og tek ho med på tur vidare til Bergen. Eg meinte ho burde stille i bunad då også, men ho hadde visst fått streng beskjed om å stille i vanlige klede. Ungdomsrådsleiaren har travle dagar, med andre ord.
Solnedgangstur til Selvika
fredag, mai 14th, 2010- Kan eg få halde?
fredag, mai 14th, 2010Miniferie på Færøy
onsdag, mai 12th, 2010Korpsmorgon
søndag, mai 2nd, 2010Vår i grøfta
mandag, april 26th, 2010Loppis-skattar
søndag, april 25th, 2010Lørdagsmorgon
søndag, april 25th, 2010Lørdag vakna eg klokka sju og fekk ikkje sove igjen. Så eg stod opp, tok på Converse og gjekk ein morgontur i vårsola og kikka på blomster og knoppar.
I Torshovparken står ein mann og gjer morgongymnastikk i musikkpaviljongen. Han har hyggeleg utsikt til gymnastikken!
På veg heim gjekk eg innom Åpent Bakeri på Sandaker og kjøpte nybakt valnøttbrød til frukost.

Like etterpå fekk eg melding frå Stine om at dei endeleg har fått ei lita jente! Velkommen, Olivia!

































