Posts Tagged ‘vinter’
Elvelangs
mandag, april 5th, 2010Det var nesten litt skuffande kor lite sovjetisk grått St.Petersburg er. Ein av dei få direkte referansane til Sovjet-tida var Leninstatuen ved Seiersparken som sjåføren vår peika ut på veg inn mot byen fra flyplassen. Men i gamlebyen, der vi budde, er det meir som å komme til 1800-talets overklasse enn til eit østblokkland. Rekke opp og rekke ned av fantastisk arkitektur langs kanalane og boulevardane. Så godt som alle hus med imponerande dekorasjonar og arkitektoniske detaljar. Og kirker. På kvart eit gatehjørne og uansett kvar ein snur seg. Katedralar og palass kjempar om skyline-plassen. Ikkje rart det blei revolusjon, kan ein seie. Dette har vore fiffen sin by. Og kanskje er den i ferd med å bli det igjen. Eg hadde iallefall ikkje råd til å handle i dei fleste klesbutikkane i sentrum. Men eg fekk kjøpt meg matroyska-dokker. Ganske mange. Og Nikolai fekk kjøpt seg minkpelshue med øyreklaffar. Dyr som juling.
Vestland = sjuk
fredag, mars 12th, 2010Søndag
søndag, februar 28th, 2010Jentehelg i Telemark
tirsdag, februar 16th, 2010Kjernesunn ungdom på ski til Lilloseter
tirsdag, februar 9th, 2010
Trass wiskey-spandering og pølsefest på lørdag, kom vi oss ut på ski på søndag. Fint og fullt i løypene.

Og fantastisk ver!


Nils imponerar som vanleg i skiløypa. Det er nesten ikkje kjekt eingang når innlandsmannen nærmast spring i oppoverbakkane imens kystfolket dannar baktropp. Like greit at han ikkje skal vere med på jentetur til Telemark til helga. (Det ender vel med at Ingeborg og Solvor tek over nedpsykingsoppgåva som innlandsfolket. I alle fall Solvor. Eg trur ho er vill i skiløypa).
Sydag / Appelsinjuicedag
lørdag, januar 9th, 2010




Lørdag har vore kombinert sydag og dag for å prøve å knekke ein gryande forkjølelse med c-vitaminsjokk gjennom heimelaga appelsinjuice og store mengder kiwi. Det har funka før, så eg håpar det slår til no også. Dessutan har eg tatt eit gammalt tips frå Ida om kvar ein finn billig ullundertøy ala Sparkjøp i Oslo, og hatt min første tur på Bogerud. Minus: dei fleste tinga dei hadde inne var i størrelse 48 og oppover (!). Pluss: billig og stort utvalg ullundertøy. Eg fann til slutt nokre kvite og svarte ulltoppar og ullsingletar, så no skal det bli varmt i heimen. Det blir det også av veden som vi til slutt fekk tak i hos vår lokale ved-mann på Torshov, etter å ha blitt kjørt rundt til Plantasjen og Maxbo av Endre i dag tidleg. Medan kjedebutikkane ikkje hadde ein einaste vedsekk igjen i sentrumsnære Oslo, viste det seg at vår faste vedleverandør driv ein liten hemmeleg handel til trufaste kundar. På døra står eit skilt med “Tomt for ved”, men inne i skuret sitt har han framleis nokre sekkar som han distribuerer langsomt ut. Vi prøvde å få kjøpt så mange som mogleg, men blei stoppa ved den tredje sekken. Ein sympatisk mann: I staden for å selge ut rubbel og bit til første storhamstrande, bilkøyrande mann som kjem forbi, set han eigentleg eit tak ved to sekkar på kvar, slik at dei gamle damene også skal få med seg sin sekk heim frå han. Utypisk kjøpmann.
Nyttår!
søndag, januar 3rd, 2010






Iskaldt nyttårsfyrverkeri med knall utsikt frå Kampen. Hurra for 2010!
Florø i soloppgang
søndag, januar 3rd, 2010
Etter å ha køyrd Nikolai til flyet i Florø, tok eg ein tur ned på kaia og såg på at det blå blei til dag.
Båtutsetting på lille julaftan
mandag, desember 28th, 2009

Jørgen og Aksel satte ut færingen til Asmund rett før jul, og reiste på kald segltur på julaftan. Tøffingar.






















