onsdag 28. juli 2010

For to veker sidan blei Sigurd og Agnete foreldre til vesle Mikal. I dag leigde derfor eg, Ingvill og Erlend ein leigebil og bila oss ned til vakre Åsgårdstrand der den nybakte familien held sommarfri.
Og her er det vesle nurket:

Utrulig stille og grei baby som stort sett heldt auga lukka og sov, trass i at alle ville halde og fotografere.

Her blir han foreviga av Erlend.

Heilt greit å vere nybakt liten familie med eiga strand og denne utsikta midt i Åsgårdstrand…
Etikettar: folk, småfolk, sommar
Ingen kommentarar »
onsdag 28. juli 2010

Heimesydd skjorte av eit gammalt, tynt bomullsskjerf frå H&M.


Heimesydd sparkebukse sydd av ein stripete tunika eg ikkje lenger brukar.

Foret inni er frå det samme H&M-skjerfet som skjorta er sydd av.



Og ei heimesydd hue av ein linserviett kjøpt på loppemarked, også denne fora med mjukt H&M-skjerf.
Etikettar: heimelaga
1 kjekk kommentar »
onsdag 28. juli 2010

Så er Idunn tilbake i Bangladesh nok ein gong. Denne gongen for å bli henta på flyplassen av amerikansk-bengalske Stri. Eg gler meg jammen til å møte han!
Etikettar: fest, folk, oslo, sommar, ute
Ingen kommentarar »
onsdag 28. juli 2010



Til slutt måtte Nils gå og legge seg for at vi skulle ta hintet og gå. Så då gjekk vi til Olympen istaden. Der varte sommarnatta enda litt lenger.

Verandaen til Ingvill og Nils på Kampen er fortsatt på mi topp ti-liste over fantastiske utsiktspunkt i Oslo.

Etikettar: fest, folk, oslo, sommar, ute
Ingen kommentarar »
fredag 23. juli 2010

På Færøy fann eg denne lampa nedstøva på golvet i det gamle atelieret til Reidun og Arild, som no er i ferd med å pussast opp. Lampa har i sitt tidligare liv fungert som arbeidslys på garnhengja ved sjøen, og hadde ei gigantisk 500-wattspære innstallert. Eg visste ikkje eingong at det fantes 500-wattspærer.
Eg spurte pent om å få den, og fekk raskt klarsignal mens Arild trakk på skuldrane og spurte kva i all verda vi skulle med den. “Ha den over bordet til besta”, sa eg, og han berre lo.
Men no har vi vaska den ned, kobla frå gamle ledningar og støpsel, og i forrige veke hang vi den ut i bakgården for nokre omgangar med kvit billakk.

Og lampa blei knallfin. Vi har ingen ferdig-fotos å vise enda, men dei kjem snart. Med ny stoffledning heng den og gjer stas på bordet til besta.
Etikettar: favorittar, Færøy, heimelaga, maridalsveien, oppussing, oslo, sommar, ute
Ingen kommentarar »
fredag 23. juli 2010
Nikolai arva farmora sin gamle Tandberg Sølvsuper (“Spilledåsen”, som ho skal ha kalt den) for lenge sidan, men dei siste åra har det fantastiske musikkmøbelet stått og samla støv bak sofaen innerst på hemsen på Færøy. Med ny leilighet får også Sølvsuperen eit nytt liv. Det gjenstår berre å frakte monstermøbelet frå Færøy til Oslo.

Det er ikkje første gang det ein gong så fasjonable 60-talls musikkkabinettet har vore på tur. Ifølge Nikolai har det iallfall reist desse strekningane:
Porsgrunn – Notodden
Notodden – Bergen
Bergen – Færøy
Færøy – Førde
Førde – Dale
Dale – Færøy
Og nå altså Færøy – Oslo.
I Dale stod det og trona innerst i den enorme stua på kunstnarsenteret. Saman med eit slagverk og Nikolai og Aksel sin heimesnekra, enorme gitarforsterkar, ispedd litt rundtomkringliggande gitarar på golvet, gjorde den stua til noko av ein konsertarena.

Alt som skal frå huset til kaia på Færøy må i traktor (berre omtala som “Isekien”).

Så humpar Sølvsuperen avgarde til sjøen.

Der lånte vi lettbåten “Hjalmar” og tøffa i sakte fart til Hersvika. Det gjekk så seint at eg rakk å bli solbrendt før vi var framme. På Hersvikkaia måtte vi buksere Sølvsuperen opp frå båten, opp ei trapp til kaia og deretter inn i bilen. Det gjekk, med nød og neppe. No står den i stua vår i Maridalsveien, og skal snart bli så god som ny. Radioen og platespelaren funkar, og i tillegg skal lydteknikaren Nikolai kamuflere vår nye Bose-stereo inn i den gamle kroppen, slik at vi kan bruke den som eit fullt fungerande musikkanlegg – ikkje berre som pynt. Når han er ferdig blir det fest.
Etikettar: båt, favorittar, ferie, Færøy, reise, sommar
2 kommentarar »
søndag 18. juli 2010

Kanskje ikkje noko å segle til Shetland med. Men han skal ha for fantasien. Eg er litt usikker på kva han har tenkt å bruke kassane til. Muligens matvarer frå butikken.
Etikettar: ferie, Færøy, heimelaga, sommar, ute
Ingen kommentarar »
søndag 18. juli 2010
Balder er på feriekoloni på Færøy, og har som vanleg stor suksess med tiggetrikset sitt: Å bokstaveleg talt sette hundeaugo sine i deg og sjå trist ut slik at han skal få enda litt meir mat. I båt er han derimot litt stressa. Men han vil likevel stå heilt framst på båten som ein litt utypisk gallionsfigur. Tulling.
Etikettar: båt, ferie, folk, Færøy, sommar, ute
Ingen kommentarar »
søndag 18. juli 2010
Etikettar: båt, folk, Færøy, sommar, ute
3 kommentarar »